Ingefær
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ingefær (Zingiber officinale) er ei plante som har vore dyrka i mange tusen år i India og Kina. Arta høyrer til ingefærfamilien. Han blir brukt som krydder i ei rekkje matlagningstradisjonar, og i folkemedisin.[1] Det er rotstokken som vert nytta.
Ingefær | |
Ingefær | |
Status | |
Status i verda: Datamangel | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ingefærordenen Zingiberales |
Familie: | Ingefærfamilien Zingiberaceae |
Slekt: | Zingiber |
Art: | Ingefær Z. officinale |
Vitskapleg namn | |
Zingiber officinale Roscoe, 1807 |
Ingefær er ein urteaktig fleirårig plante som lagar falske stenglar av samankrølla bladfeste som blir rundt ein meter høge. Dei ber smale lauv. Blomestanden ber lysegule blomar med lilla delar. Dei veks direkte frå rotknollen på eigne skot.[2]
Planten oppstod i øyriket i Søraust-Asia og vart truleg først dyrka av austronesiske folk. Dei frakta han med seg over den indo-pasifiske regionen under den austronesiske ekspansjonen for rundt 5000 år sidan, så langt som til Hawaii. Ingefær var eit av dei første kryddera som blei eksportert frå Asia, og vart brukt i Europa av dei gamle grekarane og romarane.[3] Ingefær er i slekt med gukermeie (Curcuma longa), kardemomme (Elettaria cardamomum) og galangal. Fjerne slektningar med liknande smak, slekta Asarum, vert ofte kalla vill ingefær.