Inga frå Varteig
From Wikipedia, the free encyclopedia
Inga frå Varteig (1185–1234) var ei norsk kvinne som er vorten kjend som mor til Håkon Håkonsson, som ho fekk med kong Håkon Sverresson. Inga var ikkje gift med kongen, men bar jarnbyrd for å prova at sonen var av kongeleg ætt. Dette fann ifølgje overleveringa stad i 1218, og er det einaste ein veit rimeleg sikkert om henne.[1]
Kjappe fakta Fødd, Død ...
Inga frå Varteig | |||
| |||
Fødd | 1185 Varteig | ||
---|---|---|---|
Død | 1234 Bergen | ||
Land | Noreg | ||
Sambuar | Håkon III av Noreg | ||
Barn | Håkon IV av Noreg |
Lukk
Ho spelte ei viktig rolle i norsk historie. Ho fekk ei sentral rolle i skodespelet Kongs-Emnerne av Henrik Ibsen, som her introduserte namnet «Inga fra Varteig» som er vorte brukt om henne sidan.