Informasjon
som er informativt, opplysande; som svarer på spørsmål av eit slag; som ein kan hente data eller kunnskap frå / From Wikipedia, the free encyclopedia
Informasjon er eit omgrep som har ulike tydingar i ulike kontekstar. Det heng nært saman med omgrep som meining, kommunikasjon, kunnskap, data og representasjon[1] . Same informasjonen kan representerast på fleire ulike måtar, som i fig. 1, der same informasjonen er representert på tre språk (arabisk, tamazightisk og fransk), med tre ulike alfabet (tifinagh, det arabiske alfabetet og det latinske alfabetet). Informasjon kan representerast på ulike abstraksjonsnivå, med ulik fysisk og logisk representasjon.