Indian Railways
From Wikipedia, the free encyclopedia
Indian Railways er det statseigde jernbaneverket i India. Det blei grunnlagd i 1951 og blir styrt av det indiske jernbanedepartementet. Selskapet står for det meste av skjenetrafikk i India, og omfattar lokaltog, langdistansetog og ein del internasjonale tenester til Nepal, Bangladesh og Pakistan.
Verksemda er ei av dei største jernbanesystema i verda. Det har rundt 115 000 jernbane og ruter på 65 436 km.[1] Dei har ulik sporbreidd: Størstedelen er 1676 mm, ein mindre del er 1000 mm og ein liten del er smalspora med 762 eller 610 mm.[2] Jernbanen omfattar 7 172 stasjonar.[1] I 2014–15 frakta Indian Railways 8,397 milliardar passasjerar – over 23 millionar kvar dag - og 1050,18 millionar tonn gods.[3] Indian Railways har over 1,3 millionar tilsette (2013).[3]