In Amenas
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
In Amenas (òg skrive In Aménas) er ein baladiyah (kommune) i daïraen (distriktet) In Amenas i wilayaen (provinsen) Illizi i det austlege Algerie, tett ved grensa til Libya. Arealet er på 14913 kvadratkilometer og innbyggjartalet er på 7385 (2008).[1] Kommunen var skipa på slutten av 1950-talet etter at det vart oppdaga førekomstar av hydrokarbon som førte til utbygginga av store olje- og gassanlegg i 1960-åra. Mange av innbyggjarane i kommunen er tuaregar.
In Amenas | |||
kommune | |||
Land | Algerie | ||
---|---|---|---|
Areal | 14,913 km² | ||
Folketal | 9 225 (2013) | ||
In Amenas 28.05°N 9.55°E | |||
Wikimedia Commons: In Amenas | |||
In Aménas ligg i eit ørkenområde og klimaet er eit varmt subtropisk ørkenklima. Somrane er heite, vintrane er milde om dagane og kjølige om nettene, med temperaturar som i somme høve går under 0 °C.
Flyplassen for området er Aéroport de Zarzaitine - In Aménas. Bysentrum ligg sju kilometer vest for flyplassen. Området er elles knytt til vegnettet i landet over route nationale 3, og det er elles mange vegar som knyter produksjonsanlegg og bustadområde saman.
Algeries største utviklingsprosjekt for utvinning av og eksport av naturgass tok til her i 2006. Operatørar for prosjektet er det algeriske statsoljeselskapet Sonatrach, det britiske BP (tidlegare kalla British Petroleum) og det norske oljeselskapet Statoil. Innleiinga til utviklingsprosjektet skriv seg frå 1998, då det vart semje mellom Sonatrach og British Petroleum om utnytting av olje- og gassfunna på stadene Tiguentourine, Hassi Farida, Hassi Ouan Abechu et Ouan Taredert, og om handsaming og framføring av produkta til eit sentralt anlegg. I 2003 selde BP 50 % av sin part i anlegga til det norske Statoil, salet vart godkjend av den algeriske staten året etter, og produksjonen kunne såleis take til i 2006.[2]
Ei væpna gruppe militante muslimar som kalla seg Katibat Moulathamine gjekk til åtak på gassanlegget i Tiguentourine, om lag 45 kilometer vest for staden In Aménas, onsdag 16. januar 2013, og dei tilsette ved anlegget vart tekne som som gislar. Regjeringa i Algerie sette inn eit massivt militært motåtak torsdag 17. januar, med tre kamphelikopter og ei gruppe spesialsoldatar, og tok kontroll over anlegget etter nokre dagar.
Katibat Moulathamine hevda at åtaket deira var eit mottiltak utløyst av at Algerie hadde tillate Frankrike å fly med krigsfly over algerisk luftrom. Dette hadde skjedd under dei militære åtaka som Frankrike hadde sett i verk fem dagar tidlegare mot områda nord i grannelandet Mali for å støtte regjeringa i Mali i kampen mot militante grupper. Men det er mykje som tyder på at åtaket mot gassanlegget må ha vore planlagt tidlegare. På gassanlegget var det arbeidarar av ulike nasjonalitetar – mellom andre algeriske, amerikanske, britiske, japanske, norske og rumenske. Terroristane sette tidleg fri algeriske og andre muslimske arbeidarar, men tok dei vestlege ikkje-muslimane som gissel. Mange liv gjekk tapt, mellom dei òg norske, før det var slutt på dramaet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.