kunstretning From Wikipedia, the free encyclopedia
Impresjonisme er ei nemning som blir nytta om ein stil i fransk målarkunst frå slutten av 1800-talet. Nemninga kan òg vise til musikk frå rundt den same tida.
Impresjonismen skal ha ha fått namnet sitt frå eit måleri av Claude Monet med tittelen «Impression: Soleil levant» (1872). Det var ei nemning som opphavleg vart nytta som noko negativt av ein kritikar. Andre impresjonistiske målarar var Edgar Degas, Édouard Manet, Berthe Morisot, Camille Pissarro, Auguste Renoir, Alfred Sisley og Paul Cezanne.
Impresjonisme som omgrep vart også nytta til å omtale ein ny musikkstil som voks fram frå omkring 1890. Denne stilen kjenneteiknast av eit fokus på klang, atmosfære, utanommusikalske referansar til sanseinntrykk og stemningar, og ofte ein fasinasjon over det eksotiske og eventyrlege. Musikalske stiltrekk som uvande skalatypar, tette harmoniar og parallellførte akkordar vart hyppig nytta.
Claude Debussy blir rekna som den viktigaste impresjonistiske komponisten. Maurice Ravel blir oftast òg rekna som impresjonist. Det finst ikkje mange andre, og det kan nemnast at desse komponistane ikkje rekna seg sjølv som impresjonistar.
Den norske komponisten Alf Hurum var sterkt inspirert av Debussy, og reknast som ein som førte vidare ein impresjonistisk stil i Noreg.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.