![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/94/Death_warrant_of_Charles_I.jpg/640px-Death_warrant_of_Charles_I.jpg&w=640&q=50)
Høgforræderi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Høgforræderi er ei form for landssvik innan strafferetten i visse land som tek for seg åtak på styresettet til staten, til dømes ved vald eller tvang mot statsoverhovudet eller statlege styresmakter.[1]
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/94/Death_warrant_of_Charles_I.jpg/640px-Death_warrant_of_Charles_I.jpg)
I eldre tider var vanlegvis kravet for at nokon kunne straffast for høgforræderis at dei var undersått i landet dei hadde forbrote seg mot, eller av visse grunnar skulda dette landet truskap. Dette er ikkje ein føresetnad i nyare straffelovar mot denne typen brotsverk. Straffa for høgforræderi kan vera dødsstraff (ikkje lenger i Europa), fridomsstraff på livstid eller eit anna lengre tidsrom. Same straffemaksimumet gjeld vanlegvis om gjerningen lukkast eller ikkje. Langvarige førebuinga til høgforræderi og offentlege oppfordringar til dette brotsverket fører vanlegvis med seg straff. Høgforræderibrotsverk mot staten til fordel for ein annan nasjon blir òg kalla landssvik, særleg i samband med krig. Militært landssvik og landssvik i samband med pågåande eller trugande væpna konflikt blir òg kalla krigsforræderi.