From Wikipedia, the free encyclopedia
Høgfartsbaner i Thailand er fleire utbyggingsprosjekt for høgfartstog i Thailand som tok til i 2010-åra. Fram til 2019 var det bygd omlag 3,5 kilometer bane.[1]
I oktober 2010 godkjende nasjonalforsamlinga i Thailand førebels planar for eit høgfartsbane-nettverk. Fem baner som skulle kunna handsama tog på opptil 250 km/h skulle stråla ut frå Bangkok.[2]
Strekninga mellom Nakhon Ratchasima og Bangkok er under utbygging. I 2021 vart det rapportert at bana kunne vera i drift i 2026.[3][4] Prosjektet er thai-kinesisk.[5]
Andre stoppestadar vil vera Ayutthaya og Saraburi. Farten skal etter planen komma opp i 250 km i timen.
Bana frå riksgrensa til Nakhon Ratchasima var venta å vera i drift frå 2028, ifølgje rapportar i 2021.[3][4] Finansieringa for heile strekninga frå Nong Khai (i Nong Khai-fylket) til Nakhon Ratchasima, er ikkje klar.[6] Det er planlagt stoppestadar i Khon Kaen, Udon Thani, Nong Khai.
Per april 2019 jobbar ein med å planlegge anleggsfase 3: ei bane mellom hovudstaden i Laos og Nong Khai (i Thailand), Nong Khai-Vientiane Railway Connecting Line.
Ei høgfartsbane mellom U-Tapao-flyplassen i Rayong-fylket og Bangkok kjem tidlegast i drift i 2025 eller 2026.[6][7] Bana skal ha endestasjon på flyplass i Bangkok (Don Mueang-flyplassen) og i Rayong-fylket, og bana skal òg ha stasjon tilknytt Suvarnabhumi-flyplassen i Samut Prakan-fylket. Avgjersla om å bygga høgfartsbana vart teken av regjeringa den 28. mars 2018.[8][9] Bana skal ha ni stasjonar: Don Mueang, Bang Sue, Makkasan, Suvarnabhumi, Chachoengsao (hovudstaden i Chachoengsao-fylket), Chon Buri (hovudstaden i Chonburi-fylket), Sri Racha, Pattaya og U-tapao.[8] Den foreslåtte bana vert kalla ein Eastern Economic Corridor (EEC) high-speed railway.[10]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.