den fyrste ladejarlen From Wikipedia, the free encyclopedia
Håkon Grjotgardsson (døydde om lag 910) er den første, historisk sikre personen i Håløygeætta, og han var truleg den første i denne ætta som busette seg på Lade og han var den første Ladejarlen. Frå hans tid, og i dei neste hundre åra, er det denne ætta som kom til å bli dei reelle makthavarane i Trøndelag.
Håkon Grjotgardsson | |
Verkeleg namn | norrønt Hákon Grjótgarðsson |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 838 Truleg Selva |
Død |
Om lag år 910 |
Dødsårsak | Fall i slag |
Bustad | Selva ved Agdenes, seinare Lade |
Yrke | politikar |
Kjend for | Den første ladejarlen |
Tittel | Ladejarl |
Føregangar | Grjotgard Herlaugsson |
Etterfylgjar | Sigurd Håkonsson ladejarl |
Far | Grjotgard Herlaugsson |
Ektefelle | NN |
Han var son av Grjotgard Herlaugsson som budde på Selva (norrønt: Sǫlvi) i Agdenes ved innlaupet av Trondheimsfjorden, og han var far til Grjotgard Håkonsson, Herlaug Håkonsson, Sigurd Håkonsson Ladejarl og Åsa Håkonsdotter. Han er nemnd i skaldediktet Håløygjatal[1] av Øyvind Finnson Skaldespille, og i sogelitteraturen finn vi opplysningar om han i Soga om Harald Hårfagre.[2] og i Fagerskinna[3] Han vart truleg særs gamal og i Fagerskinna blir han kalla Håkon gamle (norrønt Hákon gamli).
Sonen Sigurd er i Fagerskinna omtala som hyrna-jarl (tolka som yrna-, til norrønt Yrjar, dvs. Ørlandet), og det kan difor tenkjast at Håkon og folket hans ei tid, før dei kom til Lade, budde på Ørlandet, på nordsida av Trondheimsfjorden.
I sogene blir det fortalt at kong Harald Hårfagre[Note 1] kom over fjellet frå Opplanda og la under seg Trøndelag, og at Håkon Grjotgardsson då gjekk i forbund med han. Han skal ha blitt kong Harald sin jarl i Trøndelag (Fagerskinna nemner òg Sygnafylke) og han skal ha gift bort dotter si, Åsa, til kongen. Men det som blir fortalt om dette i Heimskringla, er truleg ein konstruksjon av Snorre, og viser berre kva for oppfatning sogeforfattarane på 1200-talet hadde av historia om Harald Hårfagre og «rikssamlinga». Det må leggjast til grunn at all historieforteljing om Harald Hårfagre i Trøndelag, bygger på usikre kjelder, i røynda er det like sannsynleg at Håkon jarl sjølv skaffa seg herredøme over Trøndelag og Hålogaland, kanskje i strid med kong Harald.[Note 2] (Om jarle-tittelen, sjå Norges Historie v/Bugge[4])
Håkon Grjogardsson er òg nemnt i den islandske Landnåmaboka[5], der vi kan lese at fleire mektige menn reiste til Island, fordi dei kom i usemje med han. Mellom desse var Vebjørn Sygnakappe (Vébjörn Sygnakappi) frå Sogn, Torolf Fasthaldi (Þórólfur fasthaldi) frå Sogn, Tore Tussesprange (Þórir þursasprengir) frå Åmd i Hålogaland, Lodin Angel (Loðinn öngull) frå Hålogaland og lendmann Ølve Kvite (Ölvir hinn hvíti) frå Almdal i Vefsen. Vi ser av dette at Håkon Grjotgardsson jarl må ha gjort seg gjeldande langt utanom Trøndelag.
Håkon Grjotgardsson ladejarl døydde i eit slag ved Fjaler, i ein våg som blir kalla Stavenesvågen (i dag: truleg Stongfjorden). Truleg stod slaget mellom ei hær frå Hålogaland og Trøndelag og hærstyrkane til Firdajarlen Atle Mjove, om herredømet over Vestlandet (Sygnafylket). I dette slaget fekk Atle jarl banesår og Håkon jarl fall. Ein reknar med at slaget stod omkring år 910.
Slik er det nemnt i Håløygjatal[1] (nørrøn tekst med dansk omsetjing[6]):
|
|
Etter at Håkon Grjotgardsson døydde, vart sonen hans, Sigurd Håkonsson, den nye ladejarlen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.