art av papegøyefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Hyasintara (Anodorhynchus hyacinthinus) er ein ara i papegøyefamilien. Han høyrer heime i det sentrale Sør-Amerika. Dette er den største ara og den største flygande papegøyearten, berre arten kakapo på New Zealand har større kroppsvekt. Han kan forvekslast med den mindre indigoara. Habitattap og fangst av ville fuglar for dyrehandel har redusert bestanden i naturen, så arten er klassifisert som sårbar i raudlista til IUCN og han er verna av konvensjonen om internasjonal handel med trua artar av vill fauna og flora, CITES.
Hyasintara | |
Hyasintara i dyrepark Foto: Hank Gillette | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av hyasintara | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Psittaciformes |
Familie: | Psittacidae |
Slekt: | Anodorhynchus |
Art: | Hyasintara A. hyacinthinus |
Vitskapleg namn | |
Anodorhynchus hyacinthinus Latham, 1790 |
Med ei kroppslengde målt frå nebb til halespiss på omtrent ein meter er han lengre enn nokon andre papegøyeart. Vekta er rundt 1,5 kilogram. Halen er lang og spiss. Fjørene er heilt blå, lysare på oversida. Likevel kan nakkefjørene nokon gonger synast litt grå. Ringen rundt auga til papegøyane og området rett under nebbet er ein sterkt gulfarga.
Leveområdet er både tørre savanneområde og regnskogsområde i austlege Amazonas og i våtmarksområdet Pantanal.
Størstedelen av hyasintara-dietten er palmenøtter. Dei beitar på ulike artar tilgjengelege i det aktuelle leveområdet, til dømes av slekta Mauritia. Nebbet er ekstremt tilpassa det å knuse harde nøtter for å få tilgjenge på kjernar. Dei kan jamvel ete frukt og sniglar.[1]
Hyasintaraer lever i livslange pardanningar.[2] Hekking skjer i hole tre eller i holar i fjellskrenter i nordaustre Brasil. Kulla er vanlegvis 2 egg, nokre gonger tre, rugetida er rundt fire veker og ungane er i reiret i opptil 110 dagar.[1] Dei hekkar ikkje kvart år, og predasjonen er stor slik at gjennomsnittleg ein unge overlever per kull.[3]
Storleiken på populasjonen er estimert til 6500 individ per 2003 og er trudd å vere minkande. Det er framleis trugsmål mot arten frå jakt, fangst og tap av habitat.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.