From Wikipedia, the free encyclopedia
Huntly (skotsk gælisk Hunndaidh) er ein skotsk by i Aberdeenshire, tidlegare kjent som Milton av Strathbogie. Han hadde ein folkesetnad på 4460 i 2004[1] og er sete for festninga Huntly Castle, no i ruinar.
Huntly | ||
---|---|---|
skotsk-gælisk | Srath Bhalgaidh / Hunndaidh | |
Huntly Town Square | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | Aberdeenshire | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2004) |
4 460 | |
Koordinatar | 57°27′N 2°47′W | |
Diverse annan informasjon | ||
Huntly var heimbyen til forfattaren George MacDonald. Nokre av romanane hans, spesielt dei omen Robert Falconer og Alec Forbes av Howglen har handling frå Huntly, sjølv om namnet er endra, og gjev såleis eit godt bilete av livet i Huntly på 1800-talet.
Både Huntly og det omliggande distriktet Gordon er namngjeven for ein by og familie som opphavleg hadde bakgrunn frå grenselanda lengre sør.
Huntly er kjent for Huntly Castle, ei ven festning med utsyner over The Gordon Schools. Byen er òg heimen for dei kjende bakeria Deans som produserte ein verdskjent kakekjeks. I november 2007 opna Deans i Huntly deira nye vitjingssenter [2]. Busetjing i nærleiken inkluderer Keith og Rothiemay.
Det er utmerka aure- og laksefiske i elvane River Deveron og River Bogie som blir administrert av «River Deveron Salmon Fisheries Board».
Huntly har ein grunnskule, Gordon Primary, og ein vidaregåande skule, The Gordon Schools.
Dei viktigaste utandørsaktivitetane inkluderer nordiske greiner i naturområdet Clashindarroch Forest, fjellturar til fots og sykling, omfram rugby. Det lokale fotballaget er Huntly F.C.
I nærleiken er starten til den lengste rideturen til Skottland, Highland Horseback, som går 322 km til vestkysten.
Eit galgetre finst ved Leith Hall.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.