![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/70/Hopfen1.jpg/640px-Hopfen1.jpg&w=640&q=50)
Humle
From Wikipedia, the free encyclopedia
Humle (Humulus lupulus) er ei fleirårig slyngplante som høyrer til hampfamilien (Cannabidaceae). Humle kan verte 6-7 meter høg, og visnar ned til rota kvar vinter. Planta veks fort; når veksten er på det kraftigaste kan planta vekse opp mot 20 cm i døgnet.
- Denne artikkelen handlar om planteslaget. For insektslekta Bombus, sjå humler.
Kjappe fakta
Humle | |
![]() Humle | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Cannabaceae |
Slekt: | Humulus |
Art: | Humle H. lupulus |
Vitskapleg namn | |
Humulus lupulus |
Lukk
Humle veks vilt over store delar av Noreg, og har dessuten vore dyrka i fleire hundre år. Planta vert brukt som medisinplante, men er mest kjend fordi ho vert brukt til ølbrygging. Humle kan føre til akutt hypotermi hos hundar og kattar.