From Wikipedia, the free encyclopedia
Huludao (kinesisk skrift 葫芦岛, pinyin Húludǎo) er eit kinesisk byprefektur sørvest i provinsen Liaoning i det nordaustlege Kina. Byprefekturet har eit areal på 10 415 km² og hadde om lag 2,8 millionar ibuarar i 2010.
Huludao | |||
by | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Areal | 10 408,68 km² | ||
Folketal | 2 623 541 (2010) | ||
Huludao 40.709444444444°N 120.83777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Huludao | |||
Byprefekturet Huludao omfattar tre distrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì) og to fylke (县 xiàn).
Huludao ligg nordvest for Liaodongbukta i Bohaibukta. Han grensar til Chaoyang i nord, Jinzhou i nordaust og Qinhuangdao i sørvest, med maritim grense til Yingkou og Dalian i aust og søraust over bukta.
Næringslivet i Huludao er dominert av nokre av dei største industriverksemdene i Kina. Mellom dei finn ein den største produsenten av sink i Asia (Huludao Zinc Smelter), oljeraffineriet Jinxi og kjemikalie-produsenten Jinhua. Kinas ubåtar vert bygt ved eit kjempestort skipsverft. Frå eit oljefelt utanfor kysten av Suizhong fylke vert årleg utvunne mykje råolje.
Meir enn førti ulike mineral er påvist i Huludao, til dømes gull, sink, molybden, kalk og mangan. Molybdengruvene ved byen Yangjiazhangzi er av dei større i verda. Langs Huludaos 237 kilometer lange kystline vert det hausta av rike bestandar med ulike fiskeslag, reker og skaldyr. Klimaet passar godt til frukttre, i Suizhong fylke ligg frukthagen Qiansuo, den største i heile Asia. Ei rad frukttypar vert avla i området, mellom dei eple, pærer, nektarinar og brystbær.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.