Horyn
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Horyn eller Haryn (belarusisk Гарынь, ukrainsk Горинь) er ei sideelv til Prypjat, som renn gjennom Ukraina og Belarus. Ho har ei lengd på 659 km, og eit nedslagsfelt på 22 700 km². På det breiaste er ho 80 meter og er 16 meter djup på det djupaste. Ei av dei viktigaste sideelvene til Horyn er Slutsj i Ukraina.
Horyn | |||
elv | |||
Land | Ukraina, Belarus | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 22 700 km² | ||
Lengd | 659 km | ||
Kjelde | Ternopil oblast i Ukraina | ||
Munning | Pripjat | ||
Horyn 52.14366667°N 27.28263889°E | |||
Kart som viser Horyn.
| |||
Wikimedia Commons: Horyn (river) | |||
Horyn har sitt utspring i Ternopil oblast i Ukraina, sør for byen Kremenets, som ligg nord for det administrative senteret, Ternopil. Elva strøymer så nordover og dannar ei s-form gjennom provinsane Khmelnitskyj og Rivne i Ukraina. Elva renn så nordaustover og inn i Brest i Belarus, der ho til slutt renn ut i Prypjat.
Atomkraftverket Khmelnytskyj, som ligg nær byen Netisjyn, brukar vatn frå Horyn som kjølevatn.
Før elva vart fylt med forureing vart elva brukt til vatning og fiske. Eit forsøk på opprensing i september 1996 var eit steg mot ei reinare elv.[1]
Av byar og landsbyar som ligg ved elva finn ein: Izaslav, Slavuta, Netisjyn, Ostroh, Dubrovytsia i Ukraina, og Retsjytsia og Stolin i Belarus.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.