Hol kommune er ein kommune i Buskerud fylke, øvst i Hallingdal. Kommunen grensar i nord til Lærdal, i nord og aust til Ål, i sør til Nore og Uvdal, og i vest til Eidfjord, Ulvik og Aurland.

Thumb
Frå Geilo
«Hol» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Hol (fleirtyding). For ei fysisk opning gjennom noko, sjå hòl.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Hol kommune
kommune
Thumb
Thumb
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Buskerud
Adm.senter Hol
Areal 1 854,54 km²
   land 1 658,38 km²
   vatn 196,16 km²
Folketal 4 496  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Petter Rukke (Ap)
Kommunenr. 3330
Thumb
Hol kommune
60.615°N 8.302222°E / 60.615; 8.302222
Thumb
Kart som viser Hol kommune.
Kart som viser Hol kommune.
Wikimedia Commons: Hol
Nettstad: www.hol.kommune.no
Lukk

Dei sentrale og nordre delane av kommunen består av to hovuddalføre, Holsdalføret og Ustedalen, der elvane i dalane dannar Hallingdalselve. I sør går dei to fjelldalane Seterdalen (Dagali) med Numedalslågen og Skurdalen med tilløpet Skurdalselva. Hol kommune har sine noverande grenser frå 1944, då Dagali vart overført frå Uvdal.

Tettstaden og vintersportstaden Geilo ligg i kommunen. Det gjer òg store delar av Hardangervidda. Det er her Hallingdalselve blir til ved at fleire vassdrag møter kvarandre.

Hol er om lag midtvegs på Bergensbanen, og har ein småflyplass på Dagali.

Næringsliv

Jordbruket betyr mindre i Hol enn i dei andre kommunane i Hallingdal, og det blir drive mest husdyrhald med storfe og særleg sau. Hol har derimot velutvikla industri og turistnæring, særleg i kommunesenteret Geilo. Det meste av industrien ligg ved Geilo, der det er jern- og metallindustri med lange tradisjonar, og i Kleivi ved grensa til Ål.

Den viktigaste næringa i kommunen er reiseliv med tyngdepunkt på Geilo, med ei rekkje hotell og overnattingsbedrifter. Om lag 20 % av dei yrkesaktive er sysselsette i denne næringa (1990). Det er bygd mange hytter fleire stader i kommunen. Ved Geilo er det eit større alpinanlegg.[1]

Samferdsel

Hol har frå gamalt av vore ei viktig ferdselsåre mellom Aust- og Vestlandet. Tidlegare gjekk ferdselsvegen opp Holsdalføret på nordsida av Strandavatnet, over Geiteryggen, ned til Aurland eller vestover til Hallingskeid og Vossavangen. I den sørlege delen av Hol går ein gamal ferdselsveg (Nordmannsslepa) frå Numedal, gjennom Skurdalen over Krækkjeheia og over Hardangervidda. No går både riksveg 7 (Hønefoss–Trengereid) og Bergensbanen gjennom Ustedalen. Dagali og Skurdalen blir kryssa av fylkesveg 40 mellom Kongsberg og Geilo. Ved Hagafoss tar fylkesveg 50 av frå riksveg 7, og går vidare gjennom Holsdalføret over til Aurland i Sogn.[1]

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.