From Wikipedia, the free encyclopedia
Ei skruv(e)tvinga eller skruv(e)klomber er ei klomber som vert strama ved å skruva på ei stong med skruvfar. Ho er nytta til å klemba saman eller halda fast emne til å saga, lima eller anna som krev eit stødugt grìp.
Skruvtvingor hev jamnast berre tvo lùter, bygelen og stongi, med og utan handtak. Bygelen er oftast av metall, men kann òg vera av tre.[1]
G-tvinga (òg kalla C-tvinga) er ei vanleg skruvtvinga der bygelen både hev skruvfaret og enden som held på emnet. G-tvinga hev ein G- eller klaveforma bygel (òg kalla råma) der ei stong gjeng gjenom eine enden. Eit handtak sit gjerne fast på stongi for å hjelpa med stramingi, men mange hev i staden T-handtak, som er ei onnor og laus stong tvers igjenom.[2] Nokre hev òg vengjeskruv.
Flestalle G-tvingor hev lìdugt hovud på skruvlùten.[3]
Laustvinga likjest G-tvinga, men i staden for bygel hev ho ei loddrett skjena gjenom nedre lùten, der skruvfaret sit. Detta er so ein kann hova tvinga til tjukkare eller tunnare emne. Skruven er òg stuttare på laustvinga, etter di sjølve råma er tilmåteleg. På eine sida av skjena hev ho fòrer, og det er so den nedre lùten fær godt grìp og ikkje sklid ned når tvinga vert strama.
I båtbyggjing hev skruvtvingor lenge vore i bruk og då oftast kalla skruvklomber eller båtskruv. Desse hev tvo bogne skidor som sit i hop med ei stong på midten. Frå gamalt vart desse strama ved å banka inn ein kile millom skidone i eine enden, men det vart med kvart vanlegare å strama med skruv.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.