From Wikipedia, the free encyclopedia
Nederlendsk (nederlendsk: nederlands) er eit vest-germansk, nedertysk mål. Um lag 21 millionar i verda snakkar dette språket. Den avvikande formi av nederlendsk tala i Belgia vert uhøgtideleg kalla flamsk. Det nederlendske namnet fyr målet er Nederlands. På norsk vert også namnet hollandsk nytta, men sidan dette berre peikar til ein del av Nederland, vert det ikkje sét på sum rett.
Nederlandsk nederlands | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Germansk | |
Talarar | nederlendarar | |
Bruk | ||
Tala i | Nederland Belgia Aruba Sint Maarten Surinam Sør-Afrika Indonesia | |
Område | Nordlege Vest-Europa pluss tidlegare koloniar | |
Nederlandsktalande i alt | 23 millionar | |
Rangering | 48 | |
Skriftsystem | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Nederland Belgia Aruba Sint Maarten Surinam EU | |
Normert av | Den nederlandske språkunionen | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | nl | |
ISO 639-2 | dut nld | |
Nederlendsk er grammatisk på mange måtar liknande tysk, men er i høg grad ulik i uttale. Ein sum kjenner det eine målet , kann med noko trening skyna hitt målet gott. Samanlikn til dømes:
Nokre mindre nytta ord og vendingar er nærare tysk:
(På norsk vert dette: «Den minste kameleonen er berre to cm stor, den største kann verta 80 cm».)
Men det er uttala sum gjer den største skilnaden millom tysk og nederlendsk, på same måten sum skilnaden millom tysk og sveitsartysk (og andre tyske målføre).
Typisk så upptrer dei største skilnadane millom tysk og nederlendsk i korte, men viktige bygnadar og daglege ord sum fylgjer:
Um ein tyskar hev lært eitt til to hundre av desse ordi, i tillegg til nokre reglar, vil den tysktalande skyna nederlendsk skrift nokså bra. Men nederlendsk er ikkje pensum i tysk skule.
Somme plassar vert tysk og nederlendsk til og med tala um lag side um side. Folk sum kann nederlendsk kann sum oftast skyna skriftleg tysk, og tysktalande (sum kann engelsk) kann sum oftast lesa nederlendsk.
Nederlendsk er eit nedertysk språk i den vestgermanske språkgruppa (sjå tabellen over). Det er difor i slekt med andre lågsaksiske og austnedertyske språk, og er (ser ein burt frå frisisk) det målet sum er nærast i slekt med engelsk.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.