From Wikipedia, the free encyclopedia
Myklagard eller Myklegard (gamalnorsk Miklagarðr) var det gamalnorske namnet på byen Bysants eller Konstantinopel, det som i dag er Istanbul i Tyrkia. Det var dette namnet norderlendske vikingar gav byen og mange av dei gjekk i tenesta her som væringar.
Vikingane som fór åt Myklagard sette spor etter seg millom anna i kyrkja Hagia Sofia, der ei rekkja runerit er fundne. Det mest kjende er eit som syner ᚠᛐᛆᚿ / ftan, fylgt av nokre utydde runer, og kann vera namnet Halvdan. Eit anna runefund i Hagia Sofia er namnet Arne, stava ᛆᚱᚿᛁ / arni.[1]
Namnet kjem frå gamalnorsk Miklagarðr som er samansett av mikill ‘mykjen, stor’ og garðr ‘gard, inngjerd stad’. Det tydde soleis ‘stor inngjerd stad’, eller ‘storby’. Jamfør -borg um byar med festning. I Noreg finn me fyrefestet i namn som Myklestad (frå Miklabólstaðr[2]) og Myklemyr. Jf. bundi form mykle av mykjen.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.