![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9b/Arendal035.jpg/640px-Arendal035.jpg&w=640&q=50)
Hjuldampar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hjuldampar er eit skip drive med dampmaskin og eit skovlhjul på kvar side, eller eit stort skovlhjul i hekken, i staden for propell.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9b/Arendal035.jpg/640px-Arendal035.jpg)
Dei fyrste damskipa i fart på verdshava var hjuldamparar som både hadde dampmaskin og segl; dei hadde skovlhul på kvar side. Men etter at skipspropellen vart funne opp på byrjinga av 1800-talet, gjekk dei havgåande hjuldamparane snøgt ut or bruk, då skip med propell eigna seg mykje betre i hardt vêr. Hjuldamparane var særleg eigna for grunne farvatn som til dømes elvar, då skovlhjula ikkje treng særleg djupne for å fungere, og difor kunne vere meir eigna enn propellar. Særleg vart dei store og grunne elvene i USA, som til dømes Mississippi, mykje trafikkert med hjuldamparar i si tid.
Den norske hjuldamparen DS «Skibladner», bygd i 1856 for trafikk på innsjøen Mjøsa, er den eldste hjuldamparen i verda som framleis går i rute, no til glede for sumarturistar. Men den fyrste hjuldamparen i Noreg var DS «Constitutionen», som vart kjøpt inn frå England i 1826 og gjekk i kystfart.