DS «Skibladner»
norsk dampskip / From Wikipedia, the free encyclopedia
DS «Skibladner», bygd på Motala Verkstad i Sverige mellom 1854–1856, er Noregs einaste hjuldampar, og er det eldste norske skip som framleis er i drift. Det er òg verdas eldste operative hjuldampar i rutegåande trafikk. Skipet trafikkerer Mjøsa, ifrå Eidsvoll til Lillehammer. DS «Skibladner» (av norrønt Skíðblaðnir) er oppkalla etter skipet Skidbladne i norrøn mytologi. Skibladner vert eigd og drive av AS Oplandske Dampskibsselskab (ODS).
- Sjå òg Skibladne (norrøn mytologi)
DS «Skibladner» blir kalla Mjøsas kvite svane.