From Wikipedia, the free encyclopedia
Hindko (ہندکو, हिन्दको [hindkoŭ]), òg kjent som hindku eller hinko, er eit indoarisk språk som tilhøyrer undergruppa lahnda.[1][2] Det vert tala av hindkowaner i Pakistan og Nord-India, og dessutan av hindki-folk i Afghanistan.[3][4] Hindko er nærskyldt med punjabi. Sjølve namnet hindko (som er ein sammentrekning av hindaku) er pashtunsk og tyder «indisk fjell», eit omgrep pashtunarane gav til folket som migrerte frå «hind», som ifølgje dei låg like austom Indus.[5] Ordet hindko har òg vorte tolka som «Indias språk».[6] Omgrepet finst òg i greske referansar til den fjellrike regionen i det austlege Afghanistan og nordlege Pakistan som Καύκασος Ινδικός (Kaukasus Indikus, eller Hindu Kush).
Hindko ہندکو हिन्दको | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Indoiransk Indoarisk Nordvestgruppe Lahnda Hindko | |
Bruk | ||
Tala i | Delar av: Afghanistan India Pakistan | |
Skriftsystem | Nastaliq og devanagari | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | Ingen | |
ISO 639-2 | Ingen | |
ISO 639-3 | hnd | |
Språket vert tala i områda Khyber Pakhtunkhwa (inkludert hazarar), Punjab (inkludert Attock) og i Pakistan-administrerte Kashmir av rundt 1,2 til 2 millionar menneske. På det meste finst det 4 millionar menneske som brukar språket. Det blir snakka av ei rekkje ulike folk. Det finst ingen standard hindko, men dei sørlege dialektane er lettare å forstå for alle brukarar enn dei nordlege. Enklast å forstå for andre hindkospråklege er dialektane frå Peshawar og Talagang.
Det finst ingen generiske namn for brukarane fordi dei tilhøyrer ulike etniske grupper og har ein tendens til å identifisera seg sjølv ut frå større familiar eller kastar. Likevel vert folket frå den største gruppa i distrikta Haripur, Abbottabad og Mansehra anerkjent kollektivt som Hazarewal, namngjeve etter den tidlegare Hazara-divisjonen som omfatta desse distrikta. I Peshawar by vert dei kalla peshawari eller kharay av pashtunarane, som har tydinga «byfolk» eller hindkowan.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.