![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ec/Hillah_River.jpg/640px-Hillah_River.jpg&w=640&q=50)
Hillah
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hillah (arabisk الحلة, òg skrive Hilla eller Al Hillah) er ein by sentralt i Irak ved Hilla-greina av elva Eufrat, 100 km sør for Bagdad. Han er hovudstad i Babil guvernement og ligg like ved oldtidsbyen Babylon, og nær oldtidsbyane Borsippa og Kish. Området er hovudsakleg eit jordbruksområde som får vatn får Hilla-kanalen. Elva renn midt gjennom byen og er omgjeve av daddelpalmar og anna grøn vegetasjon.
Al-Hillah | |||
الحلة | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Babil | ||
Høgd | 34 moh. | ||
Koordinatar | 32°29′N 44°26′E | ||
Folketal | 1 729 666 (2015) | ||
![]() Hillah 32.483333333333°N 44.433333333333°E / 32.483333333333; 44.433333333333 | |||
Wikimedia Commons: Hillah | |||
Byen var ein gong eit stort islamsk læresenter. Grava til den jødiske profeten Esekiel skal visstnok liggje i den nærliggande landsbyen Al Kifl.
Byen vart eit stort administrativt senter under styret til Det osmanske riket og Det britiske imperiet. På 1800-talet byrja Hilla-kanalen å mudre til og mykje av jordbruksområda gjekk tapt i tørke. Dette vart stogga då Hindiya-demninga vart bygd i 1911–1913, som avleidde vatn frå den djupare Hindiya-greina av Eufrat til Hilla-kanalen.[1] Det var harde kampar her i 1920 under eit opprør mot britane.