From Wikipedia, the free encyclopedia
Landgrevskapet Hessen-Kassel (tysk Landgrafschaft Hessen-Kassel) eller Hessen-Kassel var eit riksfritt fyrstedøme i Det tysk-romerske riket som vart oppretta då Landgrevskapet Hessen vart delt i 1567 då Filipp I av Hessen døydde. Den eldste sonen hans, Vilhelm IV arva den nordlege halvdelen og hovudstaden Kassel. Den andre sonen fekk Landgrevskapet Hessen-Marburg, Landgrevskapet Hessen-Rheinfels og Landgrevskapet Hessen-Darmstadt.
Landgrafschaft Hessen-Kassel Kurfürstentum Hessen Landgrevskapet Hessen-Kassel Kurfyrstedømet Hessen | |||||
Stat i Det tysk-romerske riket Statar i Det tyske forbundet | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Hessen-Kassel i 1866 | |||||
Hovudstad | Kassel | ||||
Språk | Tysk | ||||
Religion | Protestantisk (kalvinistisk) | ||||
Styreform | Fyrstedøme | ||||
Landgreve | |||||
- 1567–1592 | Vilhelm IV av Hessen | ||||
- 1730–1751 | Fredrik I av Sverige | ||||
Historie | |||||
- Oppretta | 1567 | ||||
- Opphøgd til kurfyrstedøme | 1803 | ||||
- Annektert av Frankrike | 1806 | ||||
- Gjenoppretta | 1813 | ||||
- Annektert av Preussen | 1866 | ||||
Areal | |||||
- 1864 | 9 581 km² | ||||
Innbyggjarar | |||||
- 1864 est. | 745 063 | ||||
Folketettleik | 77,8 /km² | ||||
Valuta | Hessen-Kassel thaler(til 1858) Hessen-Kassel vereinsthaler(1858–1873) | ||||
Landgrevskapet Hennse-Kassel vart opphøgd til Kurfystedømet Hessen (Kurfürstentum Hessen eller Kurhessen) i 1803. Under napleonskrigane vart det okkupert av franske troppar og vart ein del av Kongedømet Westfalen, som var ein fransk satellittstat. Kurfyrstedømet Hessen vart gjenoppretta i 1815 og vart medlem av Den tyske konføderasjonen. Det vart annektert av Kongedømet Preussen i 1866 etter den austerriksk-prøyssiske krigen og vart så til provinsen Hessen-Nassau.
Landgrevskapet Hessen-Kassel oppstod 1567 etter landgreve Filipp I av Hessen døydde, då da landgrevskapet Hessen vart delt mellom dei fire sønene hans. Den eldste sonen Vilhelm IV av Hessen-Kassel fekk omkring halvparten av landet inkludert den gamle hovudstaden Kassel. Arva etter brødrelinjene Hessen-Marburg og Hessen-Rheinfels fall etter dei døydde ut tilbake til Hessen-Kassel og Hessen-Darmstadt.
Landgreve Fredrik I var òg konge av Sverige mellom 1719 og 1751. Sverige og Hessen-Kassel var dermed i personalunion.
I 1776 vart løftet om å låne 19 000 soldatar til den engelske krona for å slå ned koloniopprøret i Nord-Amerika til ein europeisk skandale, som òg Friedrich Schiller i sitt teaterstykke Kabale und Liebe gjekk til åtak på.
Med riksdeputasjonshovudavgjersla av 1803 vart Hessen-Kassel opphøgd til kurfystedøme av Det tysk-romerske riket
1807 vart Kurhessen okkupert av Napoleon sitt Frankrike. Napoleon sette inn den yngste broren Jérôme som konge av det nye Kongedømet Westfalen med residens i Kassel.
Jérôme flykta 1813 og den 21. november same året kom kurfyrsten tilbake til Kassel og fekk ein jublande mottaking av folkesetnaden:
Sjølv om verdien av kurfyrsten i mellomtida hadde vorte meiningslaus, då Det tysk-romerske riket ikkje lenger eksisterte, heldt landsherren tittelen kurfyrste og landet namnet Kurhessen.
Kurhessen var frå 1815 medlem av Det tyske forbundet. Til einingsstaten Kurhessen høyrte dessutan frå 1815 storhertugdømet Fulda, utgått frå det tidlegare fyrstbispedømet Fulda, samt fyrstedøma Fritzlar, Hersfeld og Hanau. Dessutan var fleire eksklavar tilknytte Kurhessen, som til dømes grevskapet Schaumburg ved Weser og herskapet Schmalkalden i dagens Thüringen.
Den kurhessiske staten eksisterte ikkje lenger i 1866, etter at han vart annektert av Preussen som følgje av den prøyssisk-austerrikske krigen. Seinare vart det kurhessiske territoriet slått saman med det annekterte hertugdømet Nassau og den tidlegare frie riksbyen Frankfurt am Main til den prøyssiske provinsen Hessen-Nassau. I 1944 vart det danna ein eigen provins kalla Kurhessen, men utan kretsane Schmalkalden, Schlüchtern og Gelnhausen.
Kort etter krigen vart Kurhessen slått saman med andre hessiske provinsar til den nye staten Stor-Hessen (Groß-Hessen). Denne staten endra namn til berre Hessen i 1946.
Regjeringstid | Herskar | Merknad |
---|---|---|
1568 - 1592 | Vilhelm IV den vise | |
1592 - 1627 | Moritz den lærde | |
1627 - 1637 | Vilhelm V. den standhaftige | |
1637 - 1663 | Wilhelm VI. | Etter Wilhelm V vart Amalie Elisabeth, mor til Vilhelm VI, regent, inntil han vart myndig og overtok sjølv den 25. september 1650. |
1663 - 1670 | Vilhelm VII. | Etter Wilhelm VI døydde regjerte enka hans, Hedwig Sophie, til sonen deira Karl overtok. Vilhelm VII døydde før han vart vaksen. |
1670 - 1730 | Karl | Men først var mor hans regent for han i fem månader. |
1730 - 1751 | Fredrik I | Frå 1720 konge av Sverige |
1751 - 1760 | Vilhelm VIII. | Fungerte alt frå 1730 som statthaldar for bror sin |
1760 - 1785 | Fredrik II. | Utvida hæren kraftig og let 12 000 mann i 1776-84 kjempe på Storbritannia si side i under den amerikanske sjølvstendekrigen. |
1785 - 1821 | Vilhelm IX. | Vart i 1803 som Vilhelm I kurfyste. |
1821 - 1847 | Vilhelm II. | |
1847 - 1866 | Fredrik Vilhelm I. | Døydde 1875 utan arvingar. |
Uttrykket Kurhessen vart brukt i dag som regionalt namn. Til dømes er heile det tidlegare kurhessiske territoriet, inkludert eksklaven Schmalkalden, del av den evangeliske kyrkja Kurhessen-Waldeck.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.