Hertug av Normandie var tittelen til herskaren av det de facto sjølvstendige hertugdømet Normandie.
I 911 fekk vikinghøvdingen Rollo (kalla Rollon på fransk) Normandie av den franske kong Karl III. Sjølv om Normandie formelt var underlagt den franske kongen, styrte herskaren praktisk talt som ein uavhengig monark. Før Rikard den gode i 996 formelt tok tittelen hertug, hadde herskarane av Normandie tittelen normannar-jarl eller princeps nortmannorum.
Ved den normanniske erobringa av England i 1066 blei hertugen av Normandie også herskar av England. I 1204 blei hertugdømet vunne av den franske kong Filip II, men dei engelske kongane heldt fram med å krevje tittelen fram til Paris-traktaten av 1259, der Henrik III blei tvinga til å seia frå seg kravet på det normanniske området på det franske fastlandet. Normandie blei kroneigedom, og hertugdømet blei gjeve til ulike franske prinsar. Dei franske kongane gav alltid tittelen Pair av Frankrike til hertugane, truleg for å markera at landet på den sida av Den engelske kanalen skulle reknast som fransk. Dei britiske monarkane heldt fram med å hevda kravet på Kanaløyane (Jersey, Guernsey, Alderney og Sark), og bruker framleis tittelen «hertug av Normandie».
31. desember 1660 blei Jakob II av England utnemnd til hertug av Normandie av kong Ludvig XIV av Frankrike, få månader etter at bror hans Karl II var blitt installert på den engelske og irske trona.
Tidlege hertugar
- Rollo (911-927)
- Vilhelm I Langsverd (927-942)
- Rikard I (942-996)
- Rikard II den gode (996-1027)
- Rikard III (1027-1028)
- Robert I (1028-1035)
- Vilhelm erobraren, Vilhelm II av Normandie og Vilhelm I av England (1035-1087)
- Robert II (1087-1106)
- Henrik I (1106-1135)
- William Adelin under faren Henrik
- Stefan (1135-1144)
Huset Plantagenet
- Geoffrey Plantagenet (1144-1150)
- Henrik II (1150-1189)
- Henrik den unge, juniorhertug
- Rikard Coeur de Lion (Løvehjarte) (1189-1199)
- Johan Sans-Terre (Utan land) (1199-1204)
- Johan (1204-1216)
- Henrik III (1216-1259), signerte Paris-traktaten av 1259 som anerkjende fransk kontroll på fastlandet.
Seinare britiske monarkar har alle hatt tittelen hertug av Normandie, men berre i høve til Kanaløyane.
Bakgrunnsstoff
- La Normandie ducale Arkivert 2011-11-03 ved Wayback Machine. (fransk) ved normandie-heritage.com
- Channel Islands (engelsk). Om hertugtittelen og Kanaløyane ved royal.gov.uk
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Hertug av Normandie» frå Wikipedia på bokmål, den 29. oktober 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Dukes of Normandy» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2011.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.