From Wikipedia, the free encyclopedia
Herefordfe er ein storferase som opphavleg kjem frå Herefordshire i England.[1][2] Meir enn fem millionar av rasen finst kring om i femti land.[3] Eksporten av feet starta i 1817, då fe vart sende frå England til Kentucky,[4] og dei vart ganske raskt seinare spreidde til resten av USA, Canada, Mexico og delar av Sør-Amerika. I dag er rasen vanleg i Australia, Russland, Israel, Japan, det kontinentale Europa og Skandinavia.
Feet er særleg knytt til dei tempererte stroka i Canada, USA og Russland. På den sørlege halvkula er det mykje i bruk i Australia, tilsvarande i det sentrale og austlege Argentina, i Uruguay, og i New Zealand der rasen er den vanlegaste storferasen.[5]
Rasen vert hovudsakleg brukt i kjøttproduksjon. Med omsyn til storleik står herefordfeet i ei mellomstilling, lettare enn charolais, men tyngre enn høglandsfeet.
Herefordfeet vart avla fram i Storbritannia kanskje så tidleg som i det 17. hundreåret og set framleis preg på landsbygda i Herefordshire. Seinare har det kome til ein kollete variant av rasen. Herefordfeet har vorte avla for roleg temperament, rask vekst og god kjøttkvalitet.
Dei første herefordkyrne blei importerte til Noreg rundt 1950. I dag blir det formidla sæd frå herefordoksar gjennom GENO. Kvart år inseminerer ein rundt 1 000 dyr med sæd frå hereford.[6] Oppdrettarar av hereford i Noreg er organiserte i Norsk Herefordforening.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.