Herdsla (1924) er det tiande og siste bindet i den episke kronologien[1] til romanserien Dansen gjenom skuggeheimen av Kristofer Uppdal. Det har undertittelen Tørber Landsem og Audun Rambern. Tørber Landsem er ein av hovudpersonane i romanverket, og har vore sentral i tre av dei tidlegare bøkene. Audun Rambern er ein ny hovudperson – han er diktar og bror av Sjugur Rambern frå tidlegare bøker. Boktittelen tyder herdinga, og saman med Uppdal si eiga tolking av temaet for romanen («geniet»)[2] er det rimeleg å tolke dette som at boka vil skildre den sluttførande og avgjerande politiske og psykologiske utviklinga av personane og den klassen dei representerer. Uppdal skildra romanverket som ei domkyrkje, med tverrskip og sideskip; i føreordet til Herdsla skriv han at «sjølve bygningen er med alle skip ferdig med Fjellskjeringa. Herdsla er tårnet over bygningen

Meir informasjon Bøkene i Dansen gjenom skuggeheimen ...
Lukk

Handlinga i denne romanen går føre seg i perioden 1914–18, og det er mange innslag frå tilhøve i samtida, både i det store samfunnsbiletet, og frå vegvalsdiskusjonen i fagrørsla. Tørbern Landsem har gjennom serien gått frå barndom, via lære- og vandreår i anleggsbransjen til læreår i leiinga av fagrørsla. I dette siste bindet vert han vald til LO-leiar, etter at den sitjande leiaren Lars Lunnan døyr i vervet. Tørber kjem heil og styrkt gjennom alle intrigane i samband med valet, på same måte som han også må gjennomleve fleire andre kriser i privatlivet: alkohol, tilhøvet til kona Mildrianna og ansvaret for alle vala han sjølv må stå inne for.

Forfattaren Audun Rambern er eit utilslørt sjølvportrett frå forfattaren si side. Forfattaren gjengjev systematisk detaljar frå sitt eige liv og frå arbeidet med verket, og legg det i Audun sine hender: «fyrste året sende han ut eit bind kvart år. No køyrer han på med to bind for året, av romanserien sin 'Ut av myrkret'»[3]. I sluttkapittelet i romanen vert alle hovudpersonane samla, saman med Audun/forfattaren, som i ørska vekslar mellom å forhalde seg til dei andre personane som faktiske personar og som romanpersonar han har dikta.[4] Verket tonar ut med at Audun framseier kvadet «Avreise mot glitretind», som er ei poetisk oppsummering av den idémessige handlinga i verket.[5]. Her er eit utdrag: «Til endeleg ho renn den stunda, / med han, i ætta, / som er av alle / og som alt må bli med, mot glitretind».

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.