From Wikipedia, the free encyclopedia
Henri Farman (26. mai 1874–18. juli 1958) var ein fransk flykonstruktør og flypioner.
Henri Farman | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Frankrike |
Fødd | 26. mai 1874 Paris, 1. arrondissement |
Død |
17. juli 1958 (84 år) |
Yrke | sykkelryttar, luftfartsingeniør, ingeniør, racerbilfører, flygar, forretningsdrivande |
Språk | fransk |
Henri Farman på Commons |
Henri Farman var fødd i Paris som son av velståande engelske foreldre. Faren var korrespondent i Paris for den engelske avisa London Standard.[1][2] Farman og brørne hans vaks opp med konkurranseinstinkt. Henri byrja på ei utdanning til kunstnar ved École des Beaux Arts, men interesserte seg snart meir for ny teknikk og for sport.[3][1]
Han deltok tidleg i sykkelritt saman med brørne sine. Saman med broren Maurice gjorde han suksess på tandemsykkel.[4][1] 31. januar 1895 sette dei ein verdsrekord i tandem ved Vélodrome d'Hiver, då dei sykla 44,906 km på ein time.[5] Etter å ha vunne fleire sykkelritt ville Framan prøva seg på nye konkurranseformer. Han var med i motorsykkel- og bilrace tidleg på 1900-talet. Han deltok òg i eit billøp Paris-Madrid i 1913 i ein Panhard Levasseur.
Etter at Alberto Santos-Dumont hadde gjennomført fleire vellukka flygingar med luftskip, vart Farman sjølv interessert i flyging. Han lærte seg å fly med vasstoffballongar, og saman med Maurice bygga han eit glidefly. Brødrene konstruerte sitt første motordrivne fly, ein to-dekker, som dei flaug med i 1907 . Året etter flytta dei verksemda til Versailles, der dei etablerte ein fabrikk og ein flyskole. Då lokala vart for små, opna dei ein filial i Boulogne-sur-Seine. Under fyrste verdskrigen var han ein av hovudleverandørane av fly til den franske armeen. Då han så at krigen nærma seg slutten, byrja han å tenkja på fly til fredelege føremål, og i 1917 starta han konstruksjonsarbeidet på passasjerflyet «Goliath».
I 1907 kjøpte han eit av dei fyrste flya som Gabriel Voisin hadde bygd og som han gjorde forbetringar på. Den 23. oktober 1907 flaug Farman 186 meter med sin Voisin-Farman og vant dermed ein pris som var sett opp for den fyrste som flaug over 150 meter i Europa. Tre dagar seinare flaug han 771 meter. Flyginga, som varte i 53 sekund, vart vurdert som ein verdsrekord den gongen. Den 13. januar 1908 vann han ein tysk pris på 50 000 franc ved å fly i ein sirkel med ein minste diameter på 1 000 meter.
I juli-august 1908 vitja han USA, der han gjennomførte flyoppvisingar ved Brighton Beach i New York. Attende i Europa gjorde han den 20. oktober ein 27 kilometer lang flyvning mellom Chalons og Reims på drygt 20 minutt. Etter flyginga vart flyet transportert landevegen tilbake til startplassen. I 1909 konstruerte han, saman med sin bror Maurice (1877–1964), ein to-dekker som han stilte opp med i ein konkurranse ved eit flystemne i Reims. Der vann han fyrstepremie i distanse- og uthaldsflyging med ein 180 kilometer lang flyging. Han sette ytterlegare ein rekord i distanse og uthald ved ein konkurranse i Blackpool i England, der han sigra og vann 2 000 pund.[6]
I 1919 grunnla Farman Société Générale de Transport Aérien (SGTA), eit av dei fyrste flyselskapa for passasjertransport. Same året vart han tildelt Æreslegionen. SGTA var i drift fram til 1933, då aktiva til selskapet vart overtekne av det nyetablerte Air France. Då Frankrike nasjonaliserte flyindustrien i 1937, trekte han seg tilbake frå leiinga av selskapet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.