![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/39/Professor_and_architecture_students.jpg/640px-Professor_and_architecture_students.jpg&w=640&q=50)
Helge Fiskaa
norsk arkitekt og professor / From Wikipedia, the free encyclopedia
Helge Fiskaa (fødd 26. august 1942 på Byglandsfjord, død 6. september 2023 i Trondheim[1]) var ein norsk sivilarkitekt og planleggar. Han var frå 2012 professor emeritus ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).
Helge Fiskaa | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. august 1942 Byglandsfjord, Aust-Agder fylke |
Død |
6. september 2023 (81 år) |
Yrke | arkitekt, professor |
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/39/Professor_and_architecture_students.jpg/640px-Professor_and_architecture_students.jpg)
Fiskaa blei uteksaminert ved NTH i 1966. Sidan var han tilsett ved Arkitektavdelinga på NTH, seinare Fakultet for arkitektur og biletkunst ved NTNU. I 2002 tok han doktorgrad i emnet fysisk-økonomisk planlegging, og han blei i 2006 utnemnd til professor ved Institutt for byforming og planlegging, der han òg var instituttleiar i fleire periodar fram til 2002. I si tid ved instituttet skreiv fleire lærebøker i fysisk planlegging og artiklar om planlegging.
Det var Fiskaa som i 2003 tok initiativ til eit nytt to-årig masterstudium i fysisk planlegging. Programmet kom i gang i 2005, og han var programkoordinator fram til 2012.
Fiskaa var politisk engasjert, både innan lokalpolitikken og i høve til sitt eige fag. Han var mellom anna leiar av Arkitektenes Fagforbund (AFAG) i åra 1989–1998. Interessa for planlegging og byutvikling førte til mange innlegg i avisene; til formidling av kunnskap om planlegging gjennom Wikipedia og til deltaking i byplankonkurransar. I 1986 fekk han, saman med kollega Sverre Nistov, 3. premie i ein idekonkurranse om planlegging av ein ny bydel i Steinkjer.