From Wikipedia, the free encyclopedia
Den heilage Stefan, død omkring år 35 i Jerusalem, er ein kristen helgen rekna som ein protomartyr eller den første martyren i kristendommen. Han var etter Bibelen diakon. Festdagen hans er den 25. desember i armensk kristendom, 26. desember (2. juledag) i vestleg kristendom og 27. desember i austleg kristendom.
Heilage Stefan | |||
| |||
Namn | koiné-gresk ὁ πρωτομάρτυρος Στέφανος, ὁ Ἄγιος Στέφανος eller av og til enkelt ὁ Στέφανος og ὁ Ππρωτομάρτυρος, dvs. «den fyrste (kristne) martyren», latin Sanctus Stephanus | ||
---|---|---|---|
Fødd | ca. år 5 | ||
Fødestad | Hellas | ||
Daud | ca. år 35 | ||
Dødsstad | Jerusalem | ||
Yrke | diakon, offer, Q97722249, drapsoffer | ||
Helgendag | 26. desember, 27. desember, 3. august |
Stefan eller Stefanos var den første kristne martyren og vert difor kalla protomartyr. Ifylgje Apostelgjerningane var han leiar for dei gresktalande medlemene av kyrkjelyden. Han vart dømd til døden ved steining av det jødiske rådet, og Saulus, den seinare Paulus, samtykte til steininga.[1]
Stefanos var den førte diakonen i kyrkja. Embetet vart innført for å avhjelpe apostlane med materielle tenester, som å dele ut mat til dei fattige.
Den heilage Stefan er vernehelgen for hestar, kuskar, stalledrengar, steinhoggarar, skreddarar, vevarar og tømmermenn.
I kalkmålingar og på altarskap i svenske kyrkjer er Stefan måla på kalkveggar og blir framstilt i diakondrakt med tre steinar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.