![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/00/Heggelia.jpg/640px-Heggelia.jpg&w=640&q=50)
Heggelia i Målselv
From Wikipedia, the free encyclopedia
Heggelia er ein tettstad i Bardufossområdet på grensa mellom Målselv og Bardu i Troms. Med 966 innbyggjarar per 1. januar 2023 er Heggelia den største tettstaden i Målselv kommune. Hovudkvarteret til Brigade Nord ligg her, saman med militærleirane Heggelia leir og Rusta leir, der Sambandsbataljonen og Stridstrenbataljonen held til.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Heggelia | |||
stad | |||
Foto: Aslak Raanes | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Målselv | ||
Del av | Bardufoss | ||
Areal | 1,61 km² | ||
Folketal | 966 (2023) | ||
Folketettleik | 600 / km² | ||
Preposisjon | i Heggelia | ||
![]() Heggelia i Målselv 69.044444444444°N 18.510277777778°E / 69.044444444444; 18.510277777778 |
Lukk
- For andre stader som heiter Heggelia, sjå Heggelia
Bardufoss VGS ligg her. Det gjer òg Bardufoss skistadion, som i 2004 var ein av stadane der Ski-NM 2004 føregjekk. På Heggelia ligg også det nye fleirbruksbygget i kommunen, Istindportalen, som mellom anna inneheld bibliotek, kino og idrettshall.
I Heggelia finn ein òg Svingen Pub kor mange hundre soldatar frå området ofte samlar seg.
![Spire](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/ff/Purple_geography_icon.svg/20px-Purple_geography_icon.svg.png)