Brigade Nord
From Wikipedia, the free encyclopedia
Brigade Nord er ein kommandostruktur som leiar Hærens bataljonar som skal samvirka i strid. Brigade Nord er det viktigaste verktøyet til Hæren for å førebyggja og handtera tryggleikspolitiske kriser i Noreg og for å bidra til kollektivt forsvar av Noreg og NATO. Brigade Nord er den einaste brigaden i Noreg,[3] men skal likevel ha kapasitet til å planleggja, leie og gjennomføra koordinerte og målretta operasjonar saman med styrkar frå andre forsvarsgreiner og allierte styrkar. Brigade Nord er øvste taktiske landmilitære nivå, og rapporterer difor direkte til Forsvarets operative hovedkvarter (FOH) når han er sett på feltfot.[4] Brigaden er plassert i Hæren sine to kjerneområde: Rena i Østerdalen og i Troms. På Rena er HRS-avdelingane forlagt, Telemark bataljon og støttekompani med verva personell.[1]
Brigade Nord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2002[1]–i dag | ||
Grein | |||
Type | Brigade | ||
Rolle | Mobil brigadekommando | ||
Storleik | Om lag 4500 soldatar[2] | ||
Del av | Hæren | ||
Hovudkvarter | Bardufoss | ||
Vernar | Reinen | ||
Kallenamn | Brig N | ||
Fargar | Blå beret |
Ved Heggelia leir i Bardufoss er brigadekommandoen forlagt, leia av brigadér Eldar Berli.[1][3]