Hawarøyane (arabisk جزر حوار; Juzur Ḥawār) er ei øygruppe av ørkenøyar som høyrer til Bahrain. Dei ligg like utafor vestkysten av Qatar i Bahrainbukta i Persiabukta.
Hawarøyane | |||
øygruppe | |||
Feriestaden Hawar Islands. | |||
|
|||
Land | Bahrain | ||
---|---|---|---|
Stad | Persiabukta | ||
- koordinatar | 25.70°N 50.77°E | ||
Høgaste punkt | 22 | ||
Areal | 52 km² | ||
Tidssone | AST (UTCUTC+3) | ||
Tal på øyar | 16 | ||
Største øy | Hawar | ||
Hawarøyane 25.65°N 50.783333333333°E | |||
Kart som viser Hawarøyane.
| |||
Wikimedia Commons: Hawar Islands | |||
Skildring
Trass i at dei ligg nær Qatar (berre kring 1,1 km frå det qatarske fastlandet, og 16 km frå hovudøya i Bahrain),[1] høyrer øyane til Bahrain, men tidlegare har òg Qatar gjort krav på desse øyane. Saka vart løyst i 2001.[2] Øyane utgjorde tidlegare ein eigen kommune, eller minṭaqat Juzur Ḥawār (مِنْطَقَة جُزُر حَوَار) og vert no styrt som ein del av Det sørlege guvernementet i Bahrain. Øyane dekkjer eit areal på kring 52 km².[3]
Øyane vart oppført som ein Ramsarstad i 1997.[4] I 2002 søkte den bahrainske staten om å få øyane inn på verdsarvlista på grunn av den unike naturen og habitat for utryddingstrua dyreartar;[5] men søknanden vart ikkje godkjend.[3] Staden er i dag heimstad til mange fugleartar, som sokotraskarv. Her finst òg små flokkar med arabisk oryx og sandgaselle og i havområda kring øyane finst store populasjonar av sjøku.[6]
Det finst i alt 36 øyar i gruppa,[4] men mange av dei mindre øyane er ikkje noko meir enn ei lita samling med sand eller grus. Søknanden som verdsarvstad omfatta åtte større øyar.[7] Ho har ofte blitt skildra som ei øygruppe på 16 øyar.[8] Janan, sør for Hawar, vert ikkje juridisk rekna som ein del av gruppa, sidan ho er eigd av Qatar.[9]
Øyane brukte å vere ein busetnad for den bahrainske greina av Dawasir-stammane, som slo seg ned her tidleg på 1800-talet.[10] Øyane vart først kartlagde i 1820, då dei vart kalla Warden’s Islands, og det vart registrert to landsbyar der.[5] Øyane er ikkje lenger busette, anna enn ein politigarnison og eit hotell på hovudøya. Tilkomst til alle øyane, utanom sjølve Hawar, er strengt avgrensa. Lokale fiskarar kan fiske i farvatna kring øyane, og det er noko fritidsfiske og turisme på og kring øyane.[11] Her har alltid vore lite ferskvatn, og har i tidlegare tider vore basert på samling av overflatevatn. I dag finst det avsaltingsanlegg på øya.[5]
Øyar
Hawarøyane
Den klårt største øya er Hawar, som utgjer meir enn 41 km² av det samla arealet på 52 km².[3] Etter storleik følgjer så Suwād al Janūbīyah, Suwād ash Shamālīyah, Rubud Al Sharqiyah, Rubud Al Gharbiyah og Muhazwarah (Umm Hazwarah).
Namn | Arabisk | Høgaste punkt (meter) | Kommentarar | |
---|---|---|---|---|
Hawar | جَزِيرَة حَوَار | 25°39′19″N 50°44′58″E | 22.0[12] | Øya er 18 km lang og varierer i breidde frå 5,2 til 0,9 km.[13] Kontinuerlege strender på vestkysten, medan austkysten er meir klippete.[12] |
Suwād al Janūbīyah | سُوَاد اَلْجَنُوبِيَّة | 25°38′33″N 50°47′59″E | 4.0[12] | Sør-Suwad. Sand- og grustrender.[12] Har ein stor koloni med sokotraskarv, kring 10 % av den samla populasjonen i verda.[5] |
Suwād ash Shamālīyah | سُوَاد اَلشَّمَالِيَّة | 25°40′29″N 50°48′36″E | 3.0[12] | Nord-Suwad. Sand- og grussamlingar og saltsletter.[12] |
Rubud Al Sharqiyah | رَبَض اَلشَّرْقِيَّة | 25°45′03″N 50°46′54″E | 0.8[12] | Aust-Rubud. Sand- og grusoppsamling.[12] Har ein stor koloni med strandhegre.[5] |
Rubud Al Gharbiyah | رَبَض اَلْغَرْبِيَّة | 25°45′07″N 50°45′58″E | 1.0[12] | Vest-Rubud. Sand- og grusoppsamling.[12] Har ein stor strandhegrekoloni.[5] |
Muhazwarah (Umm Hazwarah) | 25°39′46″N 50°46′28″E | 12.5[12] | Klippeprega.[12] | |
Umm Jinni | 25°40′31″N 50°47′05″E | 0.5[12] | Sand- og grusoppsamling.[12] | |
Ajirah | جَزِيرَة عَجِيرَة | 25°44′24″N 50°49′24″E | 7.0[12] | Klippeprega.[12] |
Bū Sadād (Bu Sa’adad) (gruppe) | جُزُر بُو سَدَاد | 25°37′31″N 50°46′37″E | 2.0[12] | Sand- og grusoppsamling med somme klipper.[12] |
Al Hajiyat (gruppe) | 25°42′00″N 50°48′00″E | 7.5[12] | Tre øyar.[4] | |
Al Wukūr (Al Wakur) (gruppe) | جُزُراَلْوُكُور | 25°39′13″N 50°48′54″E | 10.0[12] | Isolerte holmar med grusstrender rundt.[12] |
Bu Tammur (gruppe) | 25°37′00″N 50°47′00″E | 1.5[12] |
Dei følgjande øyane vert ikkje rekna som ein del av Hawarøyane i følgje Den internasjonale domstolen (ICJ), og ligg mellom Hawar og Bahrainøyane, og vart ikkje gjort krav på av Qatar, men har av den bahrainske staten vore rekna som ein del av øygruppa og var ein del av verdsarvsøknanden i 2002.[5][14]
Namn | Arabisk | Koordinatar | Høgaste punkt | Kommentarar |
---|---|---|---|---|
Jazīrat Mashtān (Mashtan) | جَزِيرَة مَشْتَان | 25°48′22″N 50°40′54″E | Den nordlegaste øya og den som ligg nærmast Bahrainøya. Omtrent halvvegs mellom Bahrain og den nordlegaste av Hawarøyane, Rubud Al Gharbiyah. Sjølv om her særs liten ved flo sjø, er ho ganske stor ved fjøre sjø.[15] | |
Al Mu`tariḍ | اَلْمُعْتَرِض | 25°47′12″N 50°42′51″E | Eit rev søraust for Mashtan.[5] Her finst mange sjøkyr i området.[16] | |
Fasht Bū Thawr (Bu Thur) | فَشْت بُو ثَوْر | 25°48′00″N 50°46′00″E | Eit korallrev som kjem til syne i fjøre sjø, kring 100 meter langt.[5] |
Jananøya
Janan er ei lita øy sør for Hawar, som heller ikkje vert rekna som ein del av øygruppa i følgje Den internasjonale domstolen. Basert på ein tidlegare avtale mellom Qatar og Bahrain, då begge var eit britisk protektorat, vart ho ikkje rekna som ein del av Hawarøyane, og dette vart opprettheldt av domstolen.[9] Øya vart gjeven til Qatar.[2]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.