From Wikipedia, the free encyclopedia
Hawaiiske klede byggjer på klede som er tradisjonell på Hawaii og på innført kultur og materiale. Nokre kjende døme er kransar (lei), skjørt og aloha- eller hawaiiskjorte.
Tradisjonelle klede på Hawaii blei laga av bastfiber frå ulike plantar. Ein kunne også bruka blad, blomar, fjører og dyretenner til klede og pynt.[1] Moderne hawaiiske klede er påverka av innvandring og handel frå Asia, Europa og Nord-Amerika. Dei er laga av naturlege tekstilar, som bomull og silke, og syntetiske tekstilar.
Kledet ein laga av bast blei kalla kapa på Hawaii.[lower-alpha 1] Det kunne brukast til lendeklede (malo) for menn, skjørt (pa'u) for kvinner og kappar (ʻahu ʻula og kihei) for høgstståande personar.[1] Regnkapper av vovne ti-blad kalla kui lai blei brukt under regntida.[2] Kongelege kunne bruka fargerike fjørkapper kalla ahu ula, hjelmaktige hovudplagg kalla mahiole og lei-kransar som teikn på status.[1]
Ein brukte fleire lag klede til ein pa'u, nokre få lag for vanlege kvinner og opptil ti lag for kongelege. Kapastoff var nokså stivt og heldt seg ikkje godt om det blei utsett for vatn. Dei kongelege var raskt ute med å bytta det ut med importert kalikobomull.[3] Etter at hestar blei innførte på Hawaii på 1800-talet blei pa'u-skjørta utvikla til lange, vide bukser ein kunne ri overskrevs med. Denne klesdrakta blir framleis brukt av pa'u-ryttarar i dag.[4]
Kroppsdekkjande kjolar blei innført på Hawaii av kristne misjonærar frå 1820.[5] Som på ei rekkje andre stillehavsøyer mislikte dei den lettkledde tradisjonelle klesdrakta, og insisterte på kjolar rundt misjonane og hjå dei konverterte innfødde.[3] Ein hawaiisk variant av desse kjolane er holoku, fotside kjolar som opphavleg var formlause men utvikla seg til formsydde kjolar med slep. Kjolen blei først teken i bruk av hawaiiske kongelege, og var rundt 1835 blitt standard klesdrakt for kvinner på Hawaii. I byrjinga blei han ofte brukt med pa'u utanpå. Frå rundt 1870-talet blei han påverka av vestleg mote, men fann ei fastlagd form ved slutten av hundreåret.[3] I dag finst holoku i fleire utformingar, men har gjerne rysjar og pufferme. Han er ofte svart eller kvit.[3] Plagget blir gjerne brukt i formelle og kulturelle samanhengar på Hawaii.[3][6]
Ein hawaiisk kjole som er blitt meir kjend interasjonalt er muumuu, ein laus kjole som heng rett ned og tradisjonelt ikkje hadde krage.[7] Han blir ofte laga av fargerike, mønstra stoff, gjerne med blomemotiv.[8]
Det finst ulike variantar av dei to kjolane nemnde over, som holomu, ein formsydd muumuu, he-muu, ein muumuu for menn, eller chinamu, ein muumuu med splitt i sida som i den kinesiske cheongsamen.[9]
Menn gjekk gradvis over frå å vera barbrysta med lendeklede til å bruka bukser og skjorter. Ein kunne bruka ulike kombinasjonar av plagga, som lendeklede med skjorte til.
Aloha- eller hawaiiskjorte oppstod på 1930-talet, opphavleg sydd av fargerike japanske stoff som blei importert til øyene på grunn av dei mange japanskætta innbyggjarane der. Mot slutten av 1930-åra hadde lokale kjøpmenn byrja å laga tøy særskild for skjorteproduksjon med fargerike, ofte typisk hawaiiske motiv.[10] Alohaskjorter og plagg med liknande motiv blir ofte brukt som uniform i turistindustrien.[11]
Kostyme brukt i huladans byggjer på tradisjonelle klede med nyare påverknader. Dei nytter moderne tekstilar som kan vera mykje meir omfattande enn dei gamle barkekleda. Det finst ulike stilar for ulike dansar, som dans retta mot turistar og dans som eit sosialt høve for lokale.
Tradisjonell huladrakt kunne vera kapaklede rundt livet, eller fletta til skjørt, lei-kjeder rundt halsen og ankelkjede av villsvin- eller hundetenner.[12] Etter innføringa av kjolar kunne hula dansast i holoku eller muumuu med lauv- eller grasskjørt over.[13] Det typiske hawaiiske grasskjørtet blei innført av plantasjearbeidarar frå Gilbertøyane (Kiribati) på 1880-talet.[14]
I dag kan ein bruka ulike kombinasjonar av kjolar, toppar, pa'u og grasskjørt. Kokosnøtt-behå blir berre brukt til turistshow eller som humoristisk verkemiddel.[15]