Havhest (Fulmarus glacialis) er ein stormfugl som hekkar i Noreg. Dei liknar på måker, men er ikkje i nært slektskap med dei. Havhesten er ca. 48 cm lang, veg ca. 750 gram og har eit vengespenn på 101112 cm. Den nærskylde sørhavhesten er litt større og har eit vengespenn på 115120 cm. Begge inngår i gruppa havhestar.

Thumb
Havhest på fugleøya Runde
Kjappe fakta
Havhest
Thumb
Havhest
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt trugaThumb
Utbreiinga av havhest
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Fulmarus
Art: Havhest F. glacialis
Vitskapleg namn
Fulmarus glacialis
Lukk

Havhesten tar variert animalsk føde, lever av fisk, blekksprut, krepsdyr og åtsel inkludert fiskeslo. Fuglane flyg ute over havet mesteparten av tida, bortsett frå i hekketida.

Talet på havhestar auka i føre hundreåret, men er no minkande. Moglege forklaringar er klimaendringar, mindre tilgang på fiskeslo frå kommersielt fiske, pesticidar, anna toksin og plastfragment som flyt i havet. Havhest er ført opp som sterkt truga på norsk raudliste for artar, 2021.[1]

Levevis

Thumb
Egget til havhest.

Som andre stormfuglar har havhestane avgrensa gange, men er sterke flygarar med eit breitt vengespenn, og stive vengeslag, som er heilt ulike måkene sitt. Havhestane ser kraftige ut i høve til måkene, og har korte, tjukke nebb.

Dei hekkar i fjellhyller og legger eitt kvitt egg, som dei rugar på i 5557 dagar. Som forsvar mot trugande rovfugl kan ungane kasta opp ei illeluktande olje mange meter. Luktolja vil matte fjørdrakta til rovfuglane, og kan føra til at dei døyr.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.