From Wikipedia, the free encyclopedia
Hasvik lufthamn er ei sivil, regional lufthamn i Hasvik kommune i Finnmark.
Hasvik lufthamn | |||
| |||
IATA | HAA | ||
---|---|---|---|
ICAO | ENHK | ||
Flyplasstype | Sivil | ||
Operatør | Avinor | ||
Tener | Hasvik | ||
Stad | Hasvik kommune, Finnmark | ||
Opna | 1973 | ||
Høgd | 7 meter | ||
Koordinatar | 70°29′12″N 22°8′23″E | ||
Nettstad | https://avinor.no/en/airport/hasvik-airport/, https://avinor.no/flyplass/hasvik/ |
Lufthamna ligg 1,2 kilometer vest for tettstaden Hasvik på Sørøya og er eigd og driven av Avinor AS. Hasvik lufthamn vart bygd i 1983 som ei ambulansestripe på grus. Same år starta flyselskapet Norving rute Alta – Hasvik – Hammerfest. Først i 1995 vart rullebanen asfaltert. Rullebanen er på 960 meter.
Operatør på Hasvik lufthamn er i dag Widerøe, som bruker Dash 8-fly på flygingane. Widerøe har i hovudsak flygingar til Hammerfest og Tromsø. Om morgonen kan ein også fly til Berlevåg, Båtsfjord, Vardø, Vadsø og Kirkenes. Frå Tromsø er det korresponderande avgangar med SAS og Widerøe til resten av landet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.