norsk prest From Wikipedia, the free encyclopedia
Hans Edvard Wisløff (fødd 10. mai 1902 i Moss, død 14. september 1969 i Bodø) var ein norsk teolog og forfattar som vart biskop i Sør-Hålogaland bispedøme i 1959.
Hans Edvard Wisløff | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. mai 1902 Moss kommune |
Død |
14. september 1969 (67 år) |
Yrke | prest, skribent, teolog |
Verv | Luthersk biskop av Sør-Hålogaland |
Periode | 1959-1969 |
Føregangar | Wollert Krohn-Hansen |
Etterfylgjar | Bjarne Odd Weider |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Far | Johan Martin Wisløff |
Hans Edvard Wisløff på Commons |
Wisløff var fødd i Moss. Han var son av Johan Martin Wisløff og fetter til Carl Fredrik Wisløff.
I 1926 vart Wisløff cand.theol. ved Det teologiske menighetsfakultet i Oslo. Han tenestegjorde i forskjellige forsamlingar i Osloområdet, mellom anna som hjelpeprest i Oppegård (1926 til småkyrkjeprest i Tøyenkirken, residerende kapellan i Trefoldighet og som sokneprest i Markus forsamling. Han var òg generalsekretær i Indremisjonsselskapet, og redaktør av bladet deira For fattig og rik frå 1945 til 1954. Han var biskop i bispedømet Sør-Hålogaland frå 1959 til 1969.
Hans Edvard Wisløff fekk i desember 1926 den første prestestillinga si som hjelpeprest i Oppegård, som då var anneks under Nesodden. Han busette seg på Kolbotn våren 1927. I tida her er han kjent som han som starta det første kyrkjelydsbladet i Follo, som kom ut med første nummer 15. desember 1928 og vart distribuert av frivillige 10 gonger i året. Han vart i Oppegård til 14. oktober 1932. I denne tida var det ikkje eiga kyrkje på Kolbotn, så ein brukte bedehuset Heimen som interimskyrkje. Dette bedehuset var opphavleg ein møbelfabrikk som Indremisjonen kjøpte i 1921, og som Hans Edvard Wisløffs far, generalsekretær Johan M Wisløff saman med prost Nils Alstrup Dahl hadde innvigd til bedehus og interimskyrkje same år.
Hans Edvard Wisløff etterfølgde Ragnar Forbech som prest i Tøienkirken frå oktober 1932. Ho vart kalla småkyrkje og hadde hatt legendariske Michael Hertzberg som den første presten sin, denne kyrkja som er vorte kalla Noregs første arbeidskyrkje. Hertzberg hadde sett i gang eit omfattande sosialt arbeid, Wisløff var meir ein evangelist i sin arbeidsform. I tida hans var det store vekkingar i fleire forsamlingar i Oslo, òg i Tøyenkirken. Mange av dei som la ned mykje arbeid her, budde på andre stader i byen, men byrja å gå i forsamlinga på grunn av presten si forkynning. Dette kunne føre til at andre trekte seg unna når truskollektivet vart for dominerande, seier professor Knut Lundeby i boka Troskollektivet. En studie i folkekirkens oppløsning i Norge. (Universitetsforlaget 1987). Han fortel òg at Wisløff engasjerte folk til å dele ut kyrkjelydsbladet i bydelen. Men forsamlinga var så liten og det var så mange som ville vere med på denne aktiviteten, at til slutt hadde dei nesten berre ein oppgang kvar.
1940 vart H. E. Wisløff utnemnd til blir res. kap. i Trefoldighets forsamling i Oslo sentrum. Dette var den forsamlinga som Indremisjonsselskapets hovudkontor i Staffeldts gate høyrde inn under. Kontakten hans med organisasjonen vart sterk, ikkje berre fordi han var son til den aldrande generalsekretæren, men òg fordi han skreiv ei rekkje artiklar i For Fattig og Rik. I dei åra han hadde teneste her, pågjekk andre verdskrigen, og frå 1942 la prestane ned embeta sine. H. E. Wisløff, som var landsstyreformann i Den norske Santalmisjonen og vigd det vervet var vorte vald til leiar i Organisasjonenes Fellesråd, vart medlem av Kristent Samråd, som var ei gruppe på sju menn som organiserte og leda kyrkjekampen. Han var òg medlem av Den mellombels kyrkjeleiinga, som etter 1942 hadde leda Den norske kyrkja etter at denne hadde nekta å gå inn under nazistisk styre.
Trefoldighetskyrkja er den største kyrkja i Oslo. Wisløff var ein predikant som samla fulle hus i det store kyrkjerommet, akkuart som han hadde gjort i Tøyenkirken. Då han vart nekta å bruke kyrkja, flytta han gudstenestene til Indremisjonsselskapet sin bibelskule og fortsette der til han vart forvist frå Oslo og måtte bu i Moss, noko som gjorde det vanskeleg for han å gjennomføre prestetenesta i Trefoldighet.
Frå 1945 til 31. august 1954 var H. E. Wisløff generalsekretær i Indremisjonsselskapet. Han overtok stillinga etter faren sin, Johan M Wisløff, på bakgrunn av eit einstemmig kall frå selskapet sitt hovudstyre under føresetnad av at det berre skulle vere for ein kort periode. Men det vart nesten 10 år i Indremisjonsselskapets Hus i Staffeldts gate 4 i Oslo sentrum. I den same tida var han òg redaktør for bladet til organisasjonen For Fattig og Rik. Han var mykje ute og reiste, men skjøtta òg administrasjonen ved hovudkontoret med det som i ettertid er vorte kalla «mønstergyldig orden».
H. E. Wisløff vart utnemnd til sokneprest i Markus forsamling i Oslo i 1954, og tenestegjorde der fram til han vart biskop i Sør-Hålogaland bispedøme i 1959.
Før Wisløff vart utnemnd til biskop i Bodø, hadde han vore på tale som biskop heile sju gonger. Protokollkomiteen i Stortinget oppsummerer dette etter at han heller ikkje vart biskop i Agder i 1957:
«Komiteen vil imidlertid henlede oppmerksomheten på at H.E. Wisløff nå har vært på tale hele 7 ganger ved bispevalg, 2 ganger har han stått som nr. 5 i stemmetall, 1 gang som nr. 4, 2 ganger som nr. 3, 1 gang som nr. 2 og en gang som nr. 1.»
Men mot slutten av 1959 vart det ein realitet, han vart ordinert til biskop av biskop Johannes Smemo i Oslo domkyrkje 13. desember 1959 og overtok embetet 25. januar 1969.
Wisløff var ein populær forfattar av andakts- og bønebøker. Han har skrive fleire bøker; nokre av dei er berre hefte, men svært mange av bøkene hans er kome i fleire opplag. Mest utbreidd er Stille stunder på veien hjem, som hadde seld i 130.000 eksemplar til 2004, men som kom i nytt opplag i 2006.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.