Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Treeiningskyrkja (Trefoldighetskirken) er ei kyrkje som ligg på Hammersborg i Oslo. Kyrkja vart teikna av den tyske arkitekten Alexis de Chateauneuf og oppført i 1853–58 med Wilhelm von Hanno som utførande arkitekt. (Chateauneuf vart sjuk og forlét landet i 1850 og døydde i 1853.)
Treeiningskyrkja | |||
Trefoldighetskirken | |||
kyrkje | |||
Foto: Bjørn Erik Pedersen | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Oslo | ||
Prosti | Oslo domprosti | ||
Sokn | Sentrum og St. Hanshaugen | ||
Fellesråd | Oslo | ||
Arkitekt | Alexis de Chateauneuf (uft. ark.: Wilhelm von Hanno) | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Teglstein | ||
Innvigd | 28. april 1858 | ||
• Endringar | 1870, 1956–58, 1993–97 | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Preikestol | 1858 | ||
Døypefont | Dåpsengel i marmor av Julius Middelthun 1865 | ||
Altartavle | Adolph Tidemand, 1868 (Jesu dåp) | ||
Orgel | Claus Jensen, 1872 (rest. 1958); kororgel N.A. Venheim, 1988 | ||
Sitjeplassar | 1200 | ||
Diverse | Glasmåleri frå 1932, 1952 og 1985, laga av Frøydis Haavardsholm og Veslemøy Nystedt Stoltenberg. Ljosekrone av Emanuel Vigeland 1923. | ||
Trefoldighetskyrkja i Oslo 59.916666666667°N 10.745277777778°E | |||
Wikimedia Commons: Trefoldighetskirken Oslo | |||
Dette er ei av dei fyrste nygotiske kyrkjene i Oslo — og ei av dei mest særmerkte. Ho er oppført i upussa teglstein, og golvplanen kombinerer krossplan, åttekant og sentralkyrkje. Interiøret og inventaret slik vi ser det, har kome til i løpet av kyrkja si historie.
I 1870 vart vegger og søyler dekte med puss — til sterke protestar frå arkitekt von Hanno. Dette vart fjerna ved ei restaurering i 1958–60. Då fjerna ein òg den asfalten som dekte golvet, og kyrkja fekk nytt steingolv. På 1990-talet var kyrkja prega av lekkasjar og murpuss som fell av. Kyrkja vart stengd for restaurering i 1993 og opna att i 1997.
Altartavla har eit bilete av Jesu dåp måla av Adolph Tidemand i 1868. Dette er eit av dei mest kopierte alterbileta i norske kyrkjer, truleg berre overgått av Oppstoda (også Tidemand) i Bragernes kyrkje. I tavla finn ein òg statuettar av Peter og Paulus. Omramminga har vorte noko forenkla så ho ikkje skal dekkje glasmåleriet bak.
Døypefonten er ein dåpsengel av marmor laga av Julius Middelthun i 1865. Orgelet vart bygd av Claus Jensen i 1872 og vart restaurert til hundreårsjubileet. Det finst òg eit kororgel bygd av Nils Arne Venheim i 1988. Ei krossforma ljosekrone laga av Emanuel Vigeland kom til i 1923.
Kyrkja har etter kvart fått glasmåleri i mange vindauge. Desse var kontroversielle i si tid. Fem store vindauge i koret har glasmåleri av Frøydis Haavardsholm (utført av firmaet G.A. Larsen) frå 1935. Motiva er Skapinga, Historia om Israel, Jesu fødsel og barndom, Jesu lidingshistorie og Treeininga. Seinare har også fire mindre vindauge under galleriet fått glasmåleri. Dei to i sør (1952) er laga av Haavardsholm (motiv: Livsens vann og Livsens tre), medan Veslemøy Nystedt Stoltenberg står bak dei to i nord (1980–82), som viser Perla (Jf. Matt. 13,45-46) og Kveitekornet (jf. Joh. 12,24).
Det er ikkje gravplass ved kyrkja.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.