Hanna Winsnes
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hanna Winsnes (fødd Hanna Olava Strøm, fødd 23. august 1789 i Drammen, død 19. oktober 1872) var ein norsk forfattar som skreiv ulike verk, mellom anna den best kjende tidlege norske kokeboka, Lærebog i de forskjellige Grene af Husholdningen.
Hanna Winsnes | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. august 1789 Drammen kommune |
Død |
19. oktober 1872 (83 år) |
Yrke | skribent, lyrikar, omsetjar, prosaforfatter |
Språk | norsk |
Ektefelle | Paul Winsnes |
Hanna Winsnes på Commons |
Foreldra var borgarmeister Jens Henrich Strøm (1729–1800) og Karen Tyrholm Plathe (1755–1805).[1] Faren var ein yngre bror av presten og forskeren Hans Strøm.
Winsnes var gift med presten og stortingsmannen Paul Winsnes, og følgde han i prestekalla hans fleire stader på Austlandet. Lengst budde dei på Tanum prestegard ved Larvik 1830–1845, og i Vang i Hedmark frå 1845. Ho var brordotter av presten og forfattaren Hans Strøm, og oldemor til forfattaren Barbra Ring.
Winsnes skreiv det som ofte blir rekna som den første norske kokeboka, Lærebog i de forskjellige Grene af Husholdningen. Ho kom ut i 1845 og omfatta alt frå matlaging og slakting til husdyrstell og hagedyrking. Boka har kome i fjorten opplag. Ho gav seinare ut Husholdningsbog for tarvelige Familiar i By og Bygd (1862), som òg kom i fleire opplag.
Winsnes skreiv òg andre ting enn husstell; både dikt, romanar og sakprosa. Blant anna gav ho ut Grevens Datter i 1841 under pseudonymet Hugo Schwartz, og barneboka Aftnerne paa Egelund (1852).
Utanfor Vang prestegard (no Toneheim folkehøgskole) står det eit minnesmerke over Winsnes. Han vart avduka i 1939 av Henriette Schønberg Erken - ein annan kokebokforfattar. Den nye storsalen på Einer skule på Ridabu har fått namn etter Hanna Winsnes.
I 1890 skreiv Arne Garborg den satiriske meldinga Hanna Winsnes's Kogebog, der han gjer narr av den truskyldige prestefrua sine ureflekterte haldningar til klassesamfunnet på den tida. Innleiinga er ein norsk litterær klassikar. Dette utdraget skildrar det idylliske livet på prestegarden:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.