norsk botanikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Hanna Marie Resvoll-Holmsen (11. september 1873–13. mars 1943) var ein norsk botanikar og tidleg naturvernforkjempar frå Vågå. Ho studerte norske naturområde som Svalbard og norsk fjellflora, og kjempa for vern av desse områda. Resvoll-Holmsen gav ut fleire verk om naturen, og etterlét seg ei større fotografisamling.
Hanna Resvoll-Holmsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. september 1873 Vågå kommune |
Død | |
Yrke | biolog, botanikar, økolog, oppdagar, plantesamlar |
Medlem av | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Ektefelle | Gunnar Holmsen |
Hanna Resvoll-Holmsen på Commons |
Resvoll-Holmsen var kjent for studia sine av faunaen på Svalbard (1907-1910). Den første ekspedisjonen ho drog på var leia av prins Albert I av Monaco. I 1909 reiste ho mellom anna saman med polarforskaren Hjalmar Johansen til Spitsbergen. Fotografia hennar derfrå, delvis med fargar, er blant den første dokumentasjonen av naturen på Svalbard. Studia er dokumentert i avhandlinga hennar til cand.real.-graden i 1910, Observations botaniques (1913) og Om betingelserne for Spitsbergens planteliv (1920). I 1927 gav ho ut Svalbards Flora (1927), den første floraen for øygruppa.
Hanna Resvoll-Holmsen hadde eit universitetsstipendiat (1915-1920) og var seinare dosent i plantegeografi (1921-1938).
Ved hjelp av økologipioneren Christen C. Raunkiær sine kvantitative metodar[1] utførte Resvoll-Holmsen ein større studie av norsk alpin flora som resulterte i verket Om fjeldvegetationen i det østenfjeldske Norge (1920). Ho var særleg interessert i subalpin bjørkeskog.
Den botaniske forkortinga til Resvoll-Holmsen er Resv.-Holms.[2]
Soleiearten Ranunculus resvoll-holmseniae er kalla opp etter henne.
Saman med geologen Adolf Hoel stod ho bak skipinga av det første verneområdet på Svalbard.[3]
I pamfletten Om betydningen av det uensartede i våre skoger kritiserte ho nyplanting av granskog og talte for vern av den naturlege fjellskogen. Engasjementet gjorde henne lite populær blant skogbruksfolk. Seinare kjempa ho mot oppdemming av Gjende og Sjoavassdraget ved Besseggen.[3] Resvoll-Holmsen sitt engasjement for å bevara Gjende, Bygdin og Sjoa på 1920-talet gav henne tilnamnet «den første naturverner».[4] 4. juli 2009 vart ein minnestein over Hanna Resvoll-Holmsen avduka ved Gjendesheim.[5]
Hanna Marie Resvoll-Holmsen var syster til botanikaren Thekla Resvoll.
Resvoll-Holmsen var først gift med Hans Dieset, som ho skilde seg frå i 1901. I 1909 gifta ho seg med statsgeologen Gunnar Holmsen (1880–1976). Han var bror til systera sin ektemann, og hadde også reist til Svalbard. Dei fekk sonen Per Holmsen budde i ein villa kalla Yoldia i Skådalen i Oslo.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.