Hamar domprosti
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hamar domprosti er eit tenestedistrikt i Hamar bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Hamar, Løten og Stange i Hedmark (Innlandet fylke). Sidan prostiet er knytt til Hamar domkyrkje, er prostiet leia av ein domprost.
Prostiet vart skipa i 1864 i samband med at Hamar bispedøme vart gjenoppretta.[1] Namnet var då Hamar stiftsprosti og prostiet bestod av Vang prestegjeld.[1] Området var skilt ut frå Hedemarken prosti.[1] Namnet vart endra frå stiftsprosti til domprosti i 1922.[1]
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Sokn | Kyrkje(r) | Kyrkjeleg fellesråd |
---|---|---|
Hamar Domkyrkje sokn | Hamar Domkyrkje Storhamar kyrkje | Hamar |
Løten sokn | Løten kyrkje | Løten |
Ottestad sokn | Ottestad kyrkje | Stange |
Romedal sokn | Romedal kyrkje | Stange |
Stange sokn | Stange kyrkje | Stange |
Tangen sokn | Tangen kyrkje på Hedmarken Strandlykkja kapell | Stange |
Vallset sokn | Vallset kyrkje | Stange |
Vang sokn i Hamar | Vang kyrkje på Hedmarken Øvre Vang kyrkje | Hamar |
Prestetenesta var tidlegare leia lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Hamar Domprosti desse prestegjelda:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.