Halmstads kommun er ein kommune i Hallands län i Sverige. Kommunen grensar til tre andre kommunar i Hallands län – Falkenbergs kommun og Hylte kommun i nord og Laholms kommun i sør. I tillegg grensar kommunen til Ljungby kommun i Kronobergs län i aust. Administrasjonssenteret i kommunen er Halmstad.
Halmstads kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Hallands län | ||
Landskap | Halland | ||
Del av | Halland, Q61546070 | ||
Centralort | Halmstad | ||
Areal | 1 706 km² | ||
• land | 1 020 km² | ||
• vatn | 16 km² | ||
Folketal | 89 727 | ||
Folketettleik | 52 / km² | ||
Halmstads kommun 56.666666666667°N 12.85°E | |||
Kart som viser Halmstads kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Halmstad Municipality | |||
Nettstad: www.halmstad.se | |||
I kommunen finn ein vidstrekte skog- og myrområde på morene i dei indre delane. Ved kysten er det sletter med leirhaldig grunn, avbrotne grunnfjell som stikk opp. Enkelte stader er det også sanddyner. Kommunen har svært mange arbeidsplassar innanfor offentleg sektor. Det svenske forsvaret er ein viktig arbeidsgjevar. Elles har kommunen ein allsidig, og det vert framstilt mellom anna industrimaskiner, papir, tremasse, tekstilar, gummivarer og tapet. I tillegg er det mykje sommarturisme i Halmstads kommun.
Administrativ historikk
Då dei svenske kommunalforordningane tredde i kraft i 1863, kom det, utover Halmstads stad, seksten landskommunar innunder det området som utgjer kommunen i dag. Desse motsvara kvart sitt sokn, og ni av dei låg i i Halmstads härad.
Eit municipalsamhälle som var kalla Oskarström, vart i 1905 innlemma i kommunane Enslöv og Slättåkra. Enslöv-delen av Oskarström vart overført til Slättåkra i 1938. Municipalsamhället Nyhem vart i 1908 innlemma i Snöstorps landskommun. Denne delen av Snöstorp vart i 1928 innlemma i Halmstads stad, og dermed vart dette municipalsamhället oppløyst. I 1947 vart Oskarströms köping oppretta gjennom utbryting frå Enslöv og Slättåkra, og då vart også municipalsamhället oppløyst.
Den riksomfattande svenske kommunereforma i 1952 innebar for dette området sin del dei følgjande storkommuneopprettingane: Eldsberga (av dei tidlegare kommunane Eldsberga, Trönninge og Tönnersjö), Enslöv (av Enslöv og Övraby), Getinge (av Getinge og Rävinge), Harplinge (av Harplinge og Steninge), Kvibille (av Holm, Kvibille og Slättåkra), Simlångsdalen (av Breared og Snöstorp), samt Söndrum (av Söndrum og Vapnö). Köpingen og byen heldt fram utan samanslåingar.
I samband med den neste generelle kommunereforma vart Simlångsdalen sameint med dåverande Halmstads stad i 1967. Den utvida byen vart i 1971 til Halmstads kommun då einskapleg kommunetype vart innført. Samanslåinga med Eldsberga, Enslöv, Getinge, Harplinge, Kvibille, Oskarström og Söndrum venta derimot til 1974.
Kommunevåpenet
Blasonering: Skjold: ein bjelke av sølv på blå bakgrunn som har tre raude hjarte med gullkroner ovanfor; hjelmdekke: innvendig i sølv og utvendig i blått; vulst: i sørv og blått, samt som hjelmpryd: tre kornnek av gull ved sidan av kvarandre..[1]
Kommunevåpenet til Halmstad er uvanleg i sitt slag i Sverige, i og med at det omfattar hjelm og anna tilhøyr. Ein kan likevel bruke berre skjoldet. Som logo, til dømes på heimesida til kommunen, vert dei tre krona hjarta forenkla eller trykt saman med namnet Halmstad.
Etter kommunesamanslåinga, som var ferdig i 1974, hadde også Harplinges eit våpen, frå 1958. Ein valde likevel å registrere det gamle byvåpenet uforandra i 1974.
Tettstader
Det er 21 tettstader i Halmstads kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. | Tettstad | Folketal |
---|---|---|
1. | Halmstad | 55 688 |
2. | Oskarström | 4 011 |
3. | Fyllinge | 2 830 |
4. | Getinge | 1 885 |
5. | Frösakull | 1 635 |
6. | Trönninge | 1 555 |
7. | Åled | 1 536 |
8. | Harplinge | 1 454 |
9. | Gullbrandstorp | 1 435 |
10. | Haverdal | 1 401 |
11. | Kvibille | 793 |
12. | Steninge | 769 |
13. | Gullbranna | 727 |
14. | Eldsberga | 717 |
15. | Villshärad | 628 |
16. | Simlångsdalen | 577 |
17. | Laxvik | 469 |
18. | Holm | 462 |
19. | Sennan | 430 |
20. | Tylösand | 387 |
21. | Skedala | 355 |
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.