Hagen i Eden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hagen i Eden (hebraisk גַּן עֵדֶן, Gan ʿEdhen) er ein sæl hage som ifølge den jødiske og kristne skapingsforteljinga blei skapt av Gud for dei første menneska, Adam og Eva. Han er særleg skildra i Første Mosebok.[1] Forteljinga om hagen endar med at Adam og Eva et av kunnskapstret midt i hagen, og blir forviste derfrå.[2]
Staden blir også likna med eit komande Paradis eller eit «nytt Israel» i seinare tekstar.[3] Innan islam blir paradiset ein kan oppnå etter døden kalla Jannat ‘Adn (جنة عدن), 'Hagen i Eden' eller berre Jannah, 'Hagen'.[4] Rabbanittisk jødedom skil derimot mellom eit jordisk og eit himmelsk eden.[5] I kristen teologi er syndefallet ein sentral del av forteljinga om hagen i Eden.[6]