From Wikipedia, the free encyclopedia
Hadrian's Wall Path er ei langdistanserute for fotturar nord i England som i stor grad følgjer den romerske Hadrianmuren. Ho blei den 15. av dei britiske National Trails i 2003. Ruta er 84 mile (135 km) lang, og går frå Wallsend på austkysten av England til Bowness-on-Solway på vestkysten.[1] Det meste av ruta følgjer ruinane til Hadrianmuren, som blei bygd av romarane for å verna om nordgrensa av Romarriket. Han er no del av verdsarvastaden «Frontiers of the Roman Empire».
Hadrian's Wall Path | |||
rute | |||
Restane av Milecastle 39 (Castle Nick), eit kort stykke aust for Steel Rigg og Peel Crags | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Hadrian's Wall Path 55.0314°N 2.12791°W | |||
Wikimedia Commons: Hadrian's Wall Path | |||
Sjølv om ruta er gjørmete nokre stader, er ho relativt enkel å gå, sidan det høgaste punktet på henne berre er 345 m (1130 ft) høgt og stien i store lengder er meir eller mindre flat. Det meste av muren går gjennom avsidesliggande landskap, men delar av han går gjennom byane og forstadene til Newcastle og Carlisle. Ruta er godt skilta. På det meste av turen kan ein sjå spor etter menneskeleg aktivitet, og ein kan møta mange andre fotturistar om sommaren. Det ligg landsbyar og gardar nær stien, men det er ikkje mange stader å kjøpa mat og drikke langs han, særleg i dei midtre delane. Strekninga mellom Chollerford og Walton er den høgaste og villaste delen av stien; det er òg der muren er mest synleg, og ho inkluderer fleire viktige romerske festningar.
Ruteframlegget under delar opp ruta på 84 mile (135 km) i seks passande delar, og er presentert frå aust til vest (mot den vanlege vindretninga).
Turstien byrjar ved Segedunum Roman Fort og museum, som gjev den historiske konteksten for muren. Segedunum er ogs[ den fyrste/siste av National Trail sine stempelstasjonar for Walkers' Passport. Det meste av denne delen går gjennom bymessige område, mellom anna sentrum av Newcastle upon Tyne, og langs elvebreidden av Tyne. Berre den siste delen, som går til Heddon-on-the-Wall, er i ope landbrukslandskap. Ein kan sjå restar av muren undervegs.
Denne delen er nesten heilt på landsbygda. Ein kan sjå muren frå tid til anna, og dei tilknytte vallum-vollane er ofte synlege på sørsida.
Chesters Roman Fort ligg nær byrjinga av denne delen. Ruta byrjar å stiga no, og den dyrka marka går over til heiområde. Mykje meir av muren er synleg, og delar av han går langs kanten av åsryggane, slik at ein får vidt utsyn over det opne landet i nord. Ruta går forbi den romerske festningen ved Vercovicium (Housesteads), som er blitt solid utbetra og har mykje av interesse. For å verna om muren følgjer ikkje ruta toppen av muren nokon stad, men i det vesle skogholtet på Whin Sill ved Housesteads er det ein kort seksjon med ein fri ferdsel-sti på rundt 150 meter som faktisk går oppå muren. Hadrian's Wall Path følgjer ein parallell sti i skogen, men vandrarar kan velja å gå på toppen av muren her om dei vil. Pennine Way National Trail tek av mot nord litt vest for Milecastle 37.
Denne delen går gjennom ope landbrukslandskap med delar av muren tidvis synlege. Den romerske festningen ved Birdoswald har eit museum. Turruta Pennine Way går saman med Hadrian's Wall Path nær landsbyen Greenhead. Etterkvart som ruta nærmer seg Walton ligg Lanercost Priory eit kort stykke i sør. Mykje av dette blei bygd med stein henta ut frå muren.
I denne delen av ruta går ho tilbake til jordbruksland og kryssar motorvegen M6. Nokre delar av henne går langs elva Eden, gennom ei park og over ei stor gangbru.
Den fyrste delen av dette rutestykket er nokså bar, men gåopplevinga betrar seg når ein kjem forbi utkanten av Carlisle. Mykje av ruta går anten langs Eden eller Solway Firth. Ein kan ikkje sjå noko av muren, men landskapet er ope og vakkert. Turen endar i landsbyen Bowness-on-Solway, ved enden av muren.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.