Gökçeada
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gökçeada, tidlegare oftast Ímvros (gresk Ίμβρος, eldre tyrkisk İmroz) er den største øya i Tyrkia og høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Øya høyrer til provinsen Çanakkale og ligg ved inngangen til Sarosbukta nord i Egearhavet, og er òg det vestlegaste punktet i Tyrkia. Med eit areal på 279 km² har Gökçeada nokre skogområde.
Gökçeada | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 40°09′39″N 25°50′40″E |
Øygruppe | Dei nordegeiske øyane |
Areal | 279 km² |
Administrasjon | |
Land | Tyrkia |
Provins | Çanakkale |
Største busetnad | Gökçeada by (6 229 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 9 440 (2019) |
Folketettleik | 33,84 /km² |
Etter ei folketeljing i 2019 hadde Gökçeada totalt 9 440 innbyggjarar.[1] I same folketeljing vart det rapportert at 6 229 av innbyggjarane bur i Gökçeada by og 3 211 i dei andre landsbyane.[1] Hovudnæringa på Gökçeada er fiske og turisme. Folkesetnaden er hovudsakleg tyrkisk, men det er framleis om lag 250 grekarar på øya. Eit stort tal grekarar har emigrert.
Øya er kjend for vingardane her og vinen dei produserer.