Gyda Sveinsdotter
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gyda Sveinsdotter (født ca. 980, død ukjent) var dotter av kong Svein Tjugeskjegg av Danmark og kona hans Gunhild av Polen.
Kjappe fakta Fødd, Død ...
Gyda Sveinsdotter | |||
Fødd | 10. hundreåret | ||
---|---|---|---|
Død | 11. hundreåret | ||
Land | Danmark | ||
Mor | Gunhilda | ||
Far | Svein Tjugeskjegg | ||
Ektefelle | Eirik Håkonsson Ladejarl | ||
Barn | Håkon Eiriksson Ladejarl |
Lukk
Gyda blei gift med nordmannen Eirik Håkonsson, ladejarl i Trøndelag og son av Håkon jarl, ein gong mellom 996 og 999. Året etter bryllaupet fødde ho sonen Håkon Eiriksson.[1] Det er mogleg at dei fikk fleire barn, men desse er ikkje nemnde i kongesogene. Etter at Eirik Håkonsson fekk kong Olav Tryggvason drepen i slaget ved Svolder i 1000 følgde ho truleg med mannen til Noreg, og var i prinsippet norsk dronning. Kongesogene fortel ikkje noko meir om den vidare skjebnen hennar.