Gud signe Norigs land
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Gud signe Norigs land» er ein fedrelandssong skriven av Arne Garborg, første gong trykt i Fedraheimen 15. mai 1878[1] under tittelen «Norsk Fedralandssong».
Denne songen var eit lyrisk gjennombrot for den 27 år gamle Garborg. Salmen vart m.a. trykt i Norsk songbok v/ Olaus Alvestad (1898) og i Forbundets sangbok (1900). Han vart ikkje teken inn i Nynorsk salmebok. Seinare vart han trykt i Mads Bergs Skulesongbok og med fem vers (1, 2, 4, 7 og 8) på nr 738 i Norsk salmebok.
I Fedraheimen oppgav Garborg som tone «God save the king». Sidan er det laga minst 15 melodiar til songen. I Mads Bergs songbok står songen til tonar både av Sparre Olsen og Oscar Borg, i Norsk Salmebok er det Borg sin tone frå 1905 som er nytta.