kyrkje i Grue i Innlandet From Wikipedia, the free encyclopedia
Grue Finnskog kyrkje er ei langkyrkje i nygotisk stil frå 1886 i Svullrya i Grue kommune i Innlandet fylke. Kyrkja heitte tidlegare Revholt kapell fram til 1952 då namnet vart Grue Finnskog kapell. Det er ei trekyrkje med 340 plassar og ligg på Svullrya på Grue Finnskog.[1]
Grue Finnskog kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Grue | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Solør, Vinger og Odal | ||
Sokn | Grue Finnskog | ||
Fellesråd | Grue | ||
Arkitekt | Niels Stockfleth Darre Eckhoff (1886), Ola B. Aasnes (1950) | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 8. desember 1886 (26. november 1950) | ||
Tårn | I vest | ||
Klokker | 2, Bochumer Verein, 1886 | ||
Preikestol | 1886 (teikna av Eckhoff) | ||
Døypefont | 1886 | ||
Altartavle | Cecilie Dahl i 1897, i kopi e. Carl Henrich Bloch | ||
Orgel | Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1957 | ||
Sitjeplassar | 340 | ||
Grue Finnskog kyrkje 60.41833333°N 12.40611111°E | |||
Wikimedia Commons: Grue Finnskog kirke | |||
Det kom kyrkjegard på staden i 1854. I 1862 vart det bygd eit lite kapell (utan tårn) som vart innvigd 4. mars 1863. Kapellet vart oppført av Brede Bredesen Kolstad. Kapellet var altfor lite og det vart derfor rive i 1883 for å gi plass til ei ny og større kyrkje.
Ny kyrkje (kapell) vart teikna av Niels Stockfleth Darre Eckhoff og oppført av Günter Schüssler. Ho vart innvigd i 1886. 28. januar 1948 raste mykje av kyrkja saman på grunn av store snømengder. Berre tårnet og den vestlege delen av skipet sto att. Kyrkja vart deretter gjenreist etter teikningar av Ola B. Aasnes og innvigd på ny den 26. november 1950.
Altertavla har eit bilde som er måla av Cecilie Dahl i kopi etter Carl Bloch. Dei to kyrkjeklokkene i tårnet er støypte i stål hos Bochumer Verein i Bochum i Westfalen i 1886. Kyrkja fekk orgel i 1889 bygd av orgelbyggaren J. P. Nyström i Karlstad. I 1957 vart dette skifta ut med eit frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk.
Det har tidlegare òg vore gravplassar ute på nokre holmar i innsjøen Røgden. Dei blir kalla Kjerringholmane eller Akkasauri.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.