Grosgrain
From Wikipedia, the free encyclopedia
Grosgrain er eit tjukt, sterkt stoff med ein ribba overflate.[1][2] Det er ein tett vevnad i lerretsbinding med ribber danna på tvers av stoffet av di innslaget er tyngre enn renninga.[3][4] Ordet «grosgrain» kjem frå fransk gros grain, 'grov struktur'.[5]
Grosgrain blir typisk laga med renning av silke eller kunststoff som rayon.[6] Til innslag kan ein bruka same type stoff eller eit anna, som bomull. Ein kan også laga heile stoffet i bomull.[7]
Stoffet blir ofte laga i smale band, men kan også vera breiare. Det blir mykje brukt som hatteband, men kan også brukast til slips, kanting og dekorasjon.[7]