Gripsholms slott
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gripsholms slott er eit kongeleg slott ved Mälaren, like utom den gamle bykjerna i Mariefred i Strängnäs kommune i Sverige. Slottet har den svenske staten som eigar, og vert forvalta av det statlege eigedomsverket. I tillegg til sjølve slottsbygningen høyrer òg mellom anna Gripsholms kongelåve og ein hjortepark til slottsområdet.[1]
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Kjappe fakta Arkitekt, Stil ...
Gripsholms slott | |||
| |||
Arkitekt | Henrik von Cöllen, Fredrik Nussdorffer, Erik Palmstedt | ||
---|---|---|---|
Stil | renessansen | ||
Gripsholms slott 59.256111°N 17.219167°E / 59.256111; 17.219167 |
Lukk
Gripsholms slott inneheld den svenske staten si portrettsamling med over 5 000 verk, med døme på portrettkunst frå 1500-talet og fram til notida. Samlinga vart grunnlagd i 1820. Sidan 1860-talet har Nationalmuseum i Stockholm hatt ansvar for portrettsamlinga.