Grandes Jorasses
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Grandes Jorasses er eit fjell i Mont Blanc-massivet i Dei franske Alpane med ei høgd på 4 208 meter over havet.
Grandes Jorasses | |||
fjell | |||
Nordsida av Grandes Jorasses og Leschauxbreen (september 2000) | |||
Land | Frankrike, Italia | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei graiiske Alpane | ||
Høgd | 4 208 moh. | ||
Primærfaktor | 841 m | ||
Lettast tilkomst | Pointe Walker, sørvestsida | ||
Førstestiging | Horace Walker, Melchior Anderegg, Johann Jaun og Julien Grange, 30. juni 1868 | ||
Koordinatar | 45°52′N 6°59′E | ||
Grandes Jorasses 45.866666666667°N 6.9833333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Grandes Jorasses | |||
Den første klatringa av den høgaste toppen på fjellet, Pointe Walker, gjorde Horace Walker med fjellførarane Melchior Anderegg, Johann Jaun og Julien Grange 30. juni 1868. Den nest høgaste toppen på fjellet (Pointe Whymper, 4 184 m) vart først klatra av Edward Whymper, Michel Croz, Christian Almer og Franz Biner 24. juni 1865.
Dei andre toppane på fjellet er Pointe Croz (4 110 m), Pointe Margherita (4 065 m), Pointe Elena (4 045 m) og Pointe Young (3 996 m).
Nordsida av fjellet er ein av dei seks store nordsidene i Alpane. Han er ein av dei mest kjende fjellveggane i Alpane og strekker seg 1 200 meter over Leschauxbreen, og er 1 km brei. Den klassiske ruta opp veggen heiter Walker Spur, som fører rett til toppen av Pointe Walker.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.